Skriftlig spørsmål fra Bengt Fasteraune (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:754 (2019-2020)
Innlevert: 23.01.2020
Sendt: 23.01.2020
Besvart: 31.01.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Bengt Fasteraune (Sp)

Spørsmål

Bengt Fasteraune (Sp): Hva er framdriftsplanen for de nevnte prosjektene, får de nevnte kostnadsoverskridelsene konsekvenser for jernbaneprosjekter andre steder i landet, og kjenner statsråden til at det er kostnadsoverskridelser i andre pågående jernbaneprosjekter?

Begrunnelse

Den siste tiden har vi fått rapporter om høye kostnader som fører til forsinkelser på flere jernbaneprosjekter. Jernbanestrekningen fra Moss til Halden er nå beregnet å koste minst 63 milliarder kroner. Den største prisøkningen kommer på den delen som går mellom Råde og Fredrikstad. Der har Bane Nor tidligere oppgitt summen til 4,9 milliarder kroner. I en ny rapport fra Jernbanedirektoratet skriver de at den 16 kilometer lange strekningen nå er beregnet å koste mellom 12 og 17 milliarder kroner. Ringeriksbanen, som skal forkorte togreisen mellom Oslo og Bergen med en time, forsinket. Det er urealistisk at banen skal stå ferdig til 2028 som planlagt, har Morten Klokkersveen, prosjektdirektør for Ringeriksbanen og E16 i Bane NOR uttalt til NRK. Også her mener regjeringen at kostnadene er for høye til at byggingen kan komme i gang. Dette kommer i tillegg til kostnadsoverskridelsene vi kjenner til på Follobanen.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Kostnadsaukene vi no ser i jernbanesektoren er sjølvsagt særs uheldige. Store kostnadsauker på jernbaneprosjekt utfordrar naturleg nok framdrifta som var lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2018–2029 og i Jernbanedirektoratet sitt handlingsprogram. Som samferdselsminister har eg eit særskilt ansvar for at dei statlege midlane som blir løyvde til sektoren blir nytta på ein fornuftig måte. Når kostnadsaukene først skjer, må vi difor sjå etter ulike tiltak som sørger for at det er god kostnadskontroll i sektoren, og at føresetnadane for prosjekta framleis er til stades slik at investeringane står i samsvar med den samfunnseffekta ein søkjer å oppnå.

For InterCity-utbygginga på strekninga Haug–Seut–Klavestad mellom Råde, Fredrikstad og Sarpsborg er det i inneverande Nasjonal transportplan lagt til grunn ferdigstilling av dobbeltspor til Fredrikstad og Sarpsborg i hhv. 2024 og 2026. Kostnaden for prosjektet har auka langt utover kostnadsnivået som blei lagt fram for Stortinget i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. Det gjer at vi framover må snu alle steinar for å sjå på mogelege tiltak for å realisere tilbodet for dei reisande i Nedre-Glomma. Samstundes leiar desse svært høge overskridingane til at framdriftsplanane frå Nasjonal transportplan og Jernbanedirektoratet sitt handlingsprogram ikkje er mogeleg å halde. Regjeringa arbeider i lys av det faglege grunnlaget frå Jernbanedirektoratet, som representanten viser til, for å sjå på kva alternativ vi har for vegen vidare. Førebels har vi ikkje grunnlag for å seie noko om når eit slikt tilbod kan vere på plass.

Arbeidet med reguleringsplan for fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Høgkastet–Hønefoss er no heilt i sluttspurten. Det er Kommunaldepartementet som fastset reguleringsplanen, og det arbeidet har høg prioritet. Eg vil komme attende til Stortinget med saka på egna vis.

Samferdselsdepartementet har motteke eit tidleg førebels varsel frå Bane NOR SF om at det er risiko for ytterlegare kostnadsauke i Follobane-prosjektet. Svært kompliserte grunntilhøve ved innføringa til Oslo S og meirarbeid etter heving av kontrakta med Condotte som følgje av konkursen i Condotte, gjer at det er risiko for at den gjeldande kostnadsramma ikkje er tilstrekkeleg. Bane NOR arbeider med å kartleggje omfanget av situasjonen.

Eg har ei tydeleg forventing om at det i alle samferdselsprosjekt der staten løyver midlar er god kostnadskontroll og at kostnadsreduserande tiltak er vurdert.