Lene Vågslid (A): Kva for initiativ vil statsråden ta for å sørge for at denne pasientgruppa blir tatt på alvor og vil statsråden nytte høve til å betre dette i samband med revisjonen av rettleiaren i gynekologi nå i 2020?
Begrunnelse
Den siste tida har NRK hatt ei rekke saker med fokus på mangel på behandling og oppfølging etter spontanabort. Av fleire par NRK har snakka med så fortel det eine paret som har opplevd ti spontanabortar at dei ikkje har fått noko hjelp eller tilbod om oppfølging. Dei har sjølv måtte googla seg fram til hjelp. For nokon av para er dette også i samband med assistert befruktning, og her blir det også fortalt at det ikkje er eit tilbod for oppfølging eller samtale etter kvart tap. Fleire andre par fortel også til NRK at dei ikkje blir tatt på alvor av helsevesenet og får beskjedar som «Dette er heilt vanleg» utan meir forståelse eller tilbod om oppfølging når ein har opplevd ein eller fleire spontanabortar. Etter NRK publiserte saker om dette har både NRK og politikarar fått mange tilbakemeldingar frå par som seier at ein står heilt aleine i desse situasjonane og at det blir ei ekstra stor byrde.
I 2020 skal til dømes heile rettleiaren i gynekologi revideras og dette kan vere eit høve for statsråden til å gripe fatt i saka.