Kjersti Toppe (Sp): Kva slags retningsliner har Kulturdepartementet i høve til referat- og notatskriving i samband med møter dei held med ulike organisasjonar, og korleis sikrar departementet i etterkant at innhaldet i desse møta blir gjort kjend for deltakarane?
Begrunnelse
Norges Friidrettsforbund har hatt offisielle planlagde møter med innsendt agenda to ganger i året med KUD sidan 2013/2014 og kanskje tidlegare og. Frå desse møta er det ikkje å få tak i referat. Men for å kunne sikre openheit burde det liggje eit referat føre. Ein vil difor be om statsrådens syn på dette.