Fredric Holen Bjørdal (A): Kva er regjeringa sin praksis for offentleggjering av habilitetsvurderingar, og finst det fleire habilitetsvurderingar av noverande eller tidlegare statsrådar eller statssekretærar denne regjeringa har unnlate å offentleggjere?
Begrunnelse
Dagens Næringsliv har gjennom ein serie artiklar avslørt at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) valde å halde tilbake informasjon om habilitetsvurderingar av dåverande eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug. HOD gjorde sine første vurderingar av Sylvi Listhaug sin habilitet i spørsmål som omhandlar tobakk allereie i mai 2019, skriv Dagens Næringsliv. 22. november fekk HOD svar frå Justisdepartementet om at Listhaug er inhabil i saker som omhandlar tobakksgiganten Philip Morris, sidan ho har eit nært venskapsforhold til kommunikasjonsdirektør Pia Prestmo. Vurderinga til Justisdepartementet vart ikkje offentleggjort. I korrespondanse mellom departementa 17. desember ba HOD om at habilitetsvurderingane ikkje skulle offentleggjerast.