Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:789 (2019-2020)
Innlevert: 28.01.2020
Sendt: 28.01.2020
Besvart: 04.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Bilder fra sjøbunnen i Jøssingfjorden som nylig er publisert i Aftenposten tyder på at miljøtilstanden på sjøbunnen i Jøssingfjorden ikke er så god som det tidligere er hevdet.
Vil statsråden sørge for en full gjennomgang av arbeidet som er gjort for å undersøke miljøtilstanden i Jøssingfjorden, konsultere regjeringens egne miljørådgivere som Havforskningsinstituttet og sikre at det stilles strengere krav til de undersøkelsene som bedriften gjennomfører og overleverer Miljødirektoratet?

Begrunnelse

Fra 1960 til 1984 deponerte bergverksbedriften Titania i Sokndal mange millioner tonn gruveavfall i Jøssingfjord. Fra 1984 til 1994 ble Dyngadjupet like utenfor brukt. Deponering av gruvemasser og gruvevann i flere tiår har satt sine spor i fjorden. Forskere fra ulike institusjoner, som har undersøkt fjorden på vegne av bedriften, har i mange år hevdet at tilstanden er god. Miljødirektoratet har vært enige, og har selv beskrevet tilstanden som god.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Deponering av gruveavgang i Jøssingfjorden opphøyrde i 1984. Etter dette har likevel gruveverksemda framleis hatt utslepp til fjorden, både frå dagbruddet og frå resten av prosessane til Titania. Dei siste ti åra har det vore sleppe ut mellom 1,5-3 tonn finpartikulært mineralsk per døgn stoff til fjorden, der mesteparten stammar frå drenering av dagbruddet. I tillegg følgjer det med mellom anna næringsstoff og nikkel.
Det gamle industriområdet på Helleren innerst i Jøssingfjorden har òg bidrege negativt gjennom utslepp av miljøgifter til fjorden. Sanering av dette området vart gjennomført på øvre del av Helleren i 2016, der forureina massar vart fjerna. Tiltaket har redusert nivået av tungmetallutslepp.
Sidan 2015 er det gjennomført tilstandsorientert overvaking i tråd med vassforskrifta, med årleg rapportering til Miljødirektoratet. NIVA har gjennomført undersøkingane, medan rapportane er leverte av selskapet Geode Consult AS.
Undersøkingane gjort i Jøssingfjord omfattar marin bløtbunnsfauna, næringssalt og siktedyp, bly, nikkel, kobbar og sink. NIVAs undersøkingar viser at tilstanden i fjorden har betra seg dei siste åra. Mellom anna er det skjedd ein reduksjon i konsentrasjonane av kopar og sink frå 2017 til 2018, men trass i dette blir den kjemiske vasskvaliteten framleis klassifisert som "dårleg". Ved undersøking av bløtbunnsfauna i 2018 fekk alle prøvestasjonar klassifiseringa "god tilstand", i samsvar med kriteria som er fastlagt i vassforskrifta. Det blir likevel påpeika av NIVA at faunasamansetninga viser teikn på forstyrringar, og den samla økologiske tilstanden blir vurdert til å vere "moderat".
Miljødirektoratet har i lengre tid hatt dialog med Titania om å redusere utsleppa sine til Jøssingfjord. Pålegg om å utarbeide eit forslag til utsleppsreduksjonar, og tiltak for å nå måla sat i vassforskrifta, vart sendt bedrifta 2019 og er no under utarbeiding. Pålegget som er gitt bedrifta, inneber at måla for vassforskrifta skal nåast innan 2027.
Det er tydeleg at det er behov for betydelege reduksjonar av utslepp til fjorden, og Miljødirektoratet følgjer opp saka.