Skriftlig spørsmål fra Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:801 (2019-2020)
Innlevert: 29.01.2020
Sendt: 29.01.2020
Besvart: 05.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Spørsmål

Trygve Slagsvold Vedum (Sp): Hva vil statsråden gjøre med ulven i Elgå, skal den avlives eller ønsker statsråden å gjøre nok et forsøk på å flytte ulven?

Begrunnelse

I november valgte regjeringen å flytte den såkalt «genetisk viktige» Elgå-ulven fra Engerdal til Kongsvinger. Ordfører i Engerdal har kontaktet meg med dyp bekymring over det faktum at ulven nå er tilbake i fjellområdene i Rendalen og Engerdal. Ulven tar igjen rein og skaper store lokale utfordringer.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Klima- og miljødepartementet er klageinstans på vedtak fatta av Miljødirektoratet. Miljødirektoratet avslo 30. januar 2020 søknader om skadefelling av den aktuelle ulven. Av omsyn til at avgjerder om skadefelling kan klagast inn til departementet, vil eg svare generelt på spørsmålet og vise til direktoratet sine vurderingar i saka.
Den skandinaviske ulvebestanden er sterkt innavla, noko som er ein alvorleg trussel mot bestanden si overleving på sikt. For å motverke denne utfordringa er vi avhengige av ei jamleg innvandring av ulvar frå Finland/Russland som bidreg med nye gen i bestanden. Dei faglege vurderingane viser at det er naudsynt med minst ei vellykka innvandring kvart femte år, der det innvandra individet etablerer seg, får kvalpar og kvalpane til desse får kvalpar att. Målsettinga er difor at slike genetisk verdifulle individ so langt det er mogleg ikkje blir felt. Ulven det vert vist til i spørsmålet frå representanten, er eit slikt genetisk verdifullt individ som har vandra inn frå Finland/Russland.
Av omsyn til den samiske tamreindrifta vart den genetisk verdifulle ulven i november flytta frå Elgå reinbeitedistrikt i Engerdal til Kongsvinger. I tida etter har ulven vandra mykje, og so langt lagt bak seg om lag 1120 kilometer i luftline både i og utanfor ulvesona i grensetraktene mot Sverige. Ulven har dei siste dagane vore i område nord for ulvesona, men so langt (per 31. januar) ikkje vore attende i dei samiske reindriftsområda. Miljødirektoratet si vurdering har vore at det ikkje er naudsynt med ny flytting eller grunnlag for å gje løyve til felling av ulven på noverande tidspunkt. Ulven er radiomerka og Miljødirektoratet fylgjer ulven tett. Deira vurdering er at den framleis kan vandre vidare på leiting etter ein make før paringstida. Om det ikkje skjer, har Miljødirektoratet sagt at dei vil vurdere ei ny flytting av ulven.