Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til distrikts- og digitaliseringsministeren

Dokument nr. 15:827 (2019-2020)
Innlevert: 31.01.2020
Sendt: 31.01.2020
Besvart: 06.02.2020 av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Ferjeopprøret som pågår handlar om at folk bør sleppe å bli ruinerte når dei skal på arbeid. Regjeringa har begynt å tala varmare om å få folk til å bu i distrikta, ein enkel måte å oppnå det motsette på, er å fjerne pendlarfrådrag og sørgje for at ferjebillettprisane veks seg urimeleg høge. Der lukkast regjeringa godt.
Kjem distriktsministeren til å engasjere seg overfor resten av regjeringa for å sørgje for at nivået på ferjebillettane blir akseptable og slik sikre at folk lettare kan halde fram med å bu i distrikta?

Begrunnelse

Den nyleg avgåtte beredskapsministeren hadde ofte problem i spørjetimane, samt då ho skulle svara på skriftlege spørsmål. Årsaka var at ho stadig måtte vise til at det ho vart spurt om ikkje var hennar ansvarsområde, sjølv om spørsmåla i høgste grad gjaldt beredskap. Eg lurer på om distriktsministeren kjem til å svara likeeins, eller om ho ønskjer å vera konkret på kva ho kan bidra med overfor distrikta også på området der andre statsrådar har hovudansvaret. Ferjeprisane og ferjetilbodet er i høgste grad distriktspolitikk. Sjølv om statsråden ikkje kan koma med konkrete lovnader på vegne av heile regjeringa, kan ho fortelje om ho er einig i at stor auke i ferjebillettprisar er til skade for distrikta og kva ho som distriktsminister meiner bør gjerast.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Regjeringa ynskjer levande lokalsamfunn og vekst i heile landet. Som distriktsminister vil eg engasjere meg i alle saker som er viktige for distrikta. Derfor var eg og samferdselsminister Knut Arild Hareide nyleg i Møre og Romsdal for å møte familiar og næringsliv som er ramma av dei høge ferjeprisane.
I følgje Samferdsledepartementet, er hovudgrunnen til at det har vore kostnadsauke i ferjedrifta dei seinare åra, at det har vore ein periode med utlysing av ein stor del av ferjesambanda i den norske ferjemarknaden. Årsaker til kostnadsauken i riksvegferjedrifta, er mellom anna krav til null- og lågutsleppsteknologi, krav om tilbodsforbetringar i nye kontraktar, kostnadsauke for innsatsfaktorane i ferjedrifta (drivstoff- og mannskapskostnader), fornying av ferjeflåten (krav til nye fartøy, 60 nybygg er kontraherte etter 2015), og at enkelte kortvarige kontraktar har vorte lyst ut kort tid før kontraktsoppstart.
Staten har i riksvegferjedrifta stilt krav til null- og lågutsleppsfartøy, der det ligg til rette for dette. Fylkeskommunane er i ferd med å gjere det same. Dei fastset sjølve krav til tilbod, kapasitet m.m. i kontraktane, takstar for eigne samband, og er ansvarlege for å tilpasse utgifter til den fylkeskommunale økonomien. Ein del fylkeskommunar har hatt store påslag på takstane etter lokale politiske vedtak, mellom anna for å dekke inn utgifter for investeringar i null- og lågutsleppsfartøy.
Per i dag betalar dei reisande i gjennomsnitt om lag halvparten av kva det kostar å drifte ferjene på riksvegferjesamband. Det er ingen grunn til å tru at dei reisande betaler meir på fylkesvegsamband.
Regjeringa vil framleis leggje til rette for at fylkeskommunane på ein best mogleg måte kan ta ansvar for transporttilbodet i sitt fylke. Det inneber mellom anna å leggje til rette for tilstrekkelege økonomiske rammer. Dei økonomiske resultata til fylkeskommunane har dei siste åra vore gode, og det økonomiske grunnlaget er også godt for 2020. I perioden 2013-2018 var den gjennomsnittlege årlege realveksten i frie inntekter på 0,9 prosent. Uventa høge skatteinntekter til fylkeskommunane dei siste åra har også bidrege til god økonomi.