Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:881 (2019-2020)
Innlevert: 06.02.2020
Sendt: 07.02.2020
Besvart: 14.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark er Norges 4. største nasjonalpark. Verdal kommune har nylig vedtatt å ta initiativ til å undersøke mineralforekomstene i deler av nasjonalparken. Å åpne døren på gløtt for mineralutvinning i nasjonalparker vil sette store naturverdier i spill. Mineralutvinning i nasjonalparker medfører ødeleggelse av verneverdiene og vil naturligvis kun kunne gjennomføres om vernet oppheves.
Kan statsråden bekrefte at vernet av våre nasjonalparker står støtt, og at disse arealene ikke er aktuelle for mineralutvinning?

Begrunnelse

Nasjonalparken ligger i skog- og fjellområdene nordøst i Trøndelag; inn til svenskegrensen. Parken ble opprettet i 2004 for å beskytte et karakteristisk fjellandskap med innslag av urskog. Den har flere verneformål, med et stort uberørt verneområde, viktige landskaps- og naturtyper, viktig rekreasjonsterreng, samisk natur- og kulturbruk, samt ulike kulturminner.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Områdevern er det det viktigaste verkemiddelet for langsiktig bevaring av naturområde på tvers av sektorar. Verneområda blir oppretta gjennom grundige verneprosessar der andre viktige samfunnsinteresser blir vurdert opp mot behovet for vern. Denne vurderinga ligg til grunn for den endelege avgrensinga av verneområdet og utforming av verneforskrift. I slike prosessar hender det at føreslåtte grenser blir justert, slik at foreslått verna areal ikkje blir verna, ut frå omsyn til andre viktige samfunnsinteresser. Det var til dømes tilfellet for området Raudfjellet, som ligg nær Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark. Her trekte ein vernegrensa utanom Raudfjellet av omsyn til mogleg framtidig drift av mineralførekomstar.
Når eit område først har blitt verna, er det resultatet av at samfunnet har kome fram til at omsynet til vern av natur skal vere overordna andre samfunnsinteresser i det aktuelle området, og at området skal takast vare på for all framtid. Det skal då mykje til for å vurdere dette på nytt igjen i samband med ei dispensasjonssak. Eg er ikkje kjent med at det så langt er gitt dispensasjon til gruveprosjekt med dagbrot i etablerte verneområder.
Rettsverknaden av vern av ein nasjonalpark følgjer av naturmangfaldlova § 35 første ledd:

"I nasjonalparker skal ingen varig påvirkning av naturmiljø eller kulturminner finne sted, med mindre slik påvirkning er en forutsetning for å ivareta verneformålet. Forskriften skal verne landskapet med planter, dyr, geologiske forekomster og kulturminner mot utbygging, anlegg, forurensning og annen aktivitet som kan skade formålet med vernet, og sikre en uforstyrret opplevelse av naturen."

Derfor har nasjonalparkar i Norge verneforskrifter som fastset klårt forbod blant anna mot mineralutvinning. Naturmangfaldlova gjer det likevel mogleg å søke om dispensasjon frå forboda i verneforskriftene. Vilkåra for å gi dispensasjon følgjer av naturmangfaldlova § 48 første ledd:

"Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig."

Myndigheita til å vurdere dispensasjon i nasjonalparkar er delegert til nasjonalparkstyra. Eg vil difor vere varsam med å kommentere resultatet av ei eventuell dispensasjonssak i Bjåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark eller i andre nasjonalparkar. Men eg kan på generelt grunnlag seie at sjølv om vilkåra for å gi dispensasjon er svært strenge, er ikkje mineralutvinning heilt utelukka. Det er tre alternative vilkår for å gi dispensasjon, og eg vil kommentere to av dei her. Det første er dersom mineralutvinning "ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig". Regjeringa har i seinare vedtak om vern av skog signalisert at underjordisk drift med opning for uttak utanfor verneområdet kan etablerast på ein måte som oppfyller dette vilkåret. Dagdrift innafor verneområdet er derimot neppe aktuelt etter dette alternativet.
Dersom underjordsdrift med uttak utanfor verneområdet ikkje er mogleg, for eksempel på grunn av lang avstand mellom vernegrense og påvist funn, vil eventuell utvinning i dagbrot måtte vurderast etter alternativet "hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig". Dette er også ein streng unntaksregel som berre omfattar tungtvegande nasjonale omsyn. Eg kan ikkje utelukke at mineralressursar i enkelte tilfelle vil vere ei slik nasjonal interesse, men det skal mykje til. Samtidig er det òg eit vilkår at denne nasjonale interessa må gjere inngrep i verneområdet "nødvendig". Dette betyr at ein må vurdere om det er mogleg å ivareta den nasjonale interessa på ein annan måte, som ikkje inneber inngrep i verneområdet. Omsynet til verneverdiane vil vere eit tungtvegande argument for å finne andre løysingar.
I enkelte tilfelle kan det vere fornuftig å gjennomføre kartlegging, målingar eller undersøkingar i eit verneområde for å få informasjon om ressursar og geologi for vurdering av mogleg utvinning utanfor nasjonalparken eller utvinning som ikkje vil vere i strid med verneområdet (til dømes underjordsdrift).
Regjeringa har som mål at eit representativt utval av natur skal takast vare på for komande generasjonar. Det er derfor viktig at vernet sikrar verneverdiane på lang sikt. Etter mitt syn har dei 40 nasjonalparkane på fastlandet i Noreg og dei sju nasjonalparkane på Svalbard gitt viktige naturverdiar eit solid og langsiktig vern. Dette viser også historikken sidan den første nasjonalparken i Norge blei etablert i 1962.