Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:899 (2019-2020)
Innlevert: 09.02.2020
Sendt: 10.02.2020
Besvart: 17.02.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Meiner statsråden det er rett at brann- og redningstenesta og kommunane må dekkje kostnader ved å utføre politioppgåver ved oppdrag der politiet anten er for seint ute eller ikkje dukkar opp?

Begrunnelse

Når politiet anten kjem for seint eller ikkje kjem i det heile, må brannvesenet utføre oppgåver som dei i utgangspunktet ikkje er pålagte å gjera, men det er den enkelte kommunen som må ta kostnaden. Det kjem dessverre stadig nye eksempel frå heile landet på at brannvesenet må fungere som politi. Tilsette i brann- og redningstenesta uttrykkjer bekymring for at dei kan koma i fleire farlege situasjonar som dei sjølve ikkje er trente til å takle, og fortel at pengar som går til utrykningar til alle moglege oppdrag gjer at dei ikkje er att pengar til å kjøpe inn nytt utstyr. Det kan vera snakk om at dei må rykke ut til alt frå mistanke om promillekøyring til husbråk, og det kan koste til dømes 10-20 000 per utrykning.
Dette handlar altså om to ulike beredskapsetatar, den eine kommunal og den andre statleg, der den eine gjer oppgåver for den andre. Det framstår som urimeleg dersom kommunane og brannvesena skal dekkje utgifter til oppdrag som eigentleg er politiet sine. Særleg ille blir dette når responstida til politiet har gått opp etter gjennomføringa av politireforma, slik at det tek lenger tid før politiet kjem i større delar av landet. Dersom politiet i praksis sparar på at brann- og redningstenesta stadig oftare er først på plass, vil det i verste fall føre til at det blir endå dårlegare politidekning i store delar av landet. Viss ein skal gjera noko med denne situasjonen, vil det vera ein fordel med felles retningsliner for alle politidistrikta.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Brann- og redningsvesenet er den største beredskapsetaten i de fleste kommunene og også den viktigste tekniske redningsressursen. Dette gjelder ikke bare ved brann, men ved alle hendelser som krever evne til teknisk håndtering. De lovpålagte oppgavene til brann- og redningsvesenet fremgår av brann- og eksplosjonsvernloven § 11 første ledd. Loven åpner for at kommunene kan legge andre oppgaver til brann- og redningsvesenet, men dette gjelder bare i den grad det ikke svekker evnen brann- og redningsvesenet skal ha til å utføre de primære oppgavene som loven krever.
Det går videre frem av loven § 12 at dersom brann- og redningsvesenet kommer først til et ulykkessted har brannsjefen ordensmyndighet og ansvar for ledelsen av skadestedet frem til politiet er på stedet.
Det er en klar målsetting å samlokalisere operasjonssentralene til politiet og brann- og redningsvesenets 110-sentraler. Samlokaliseringen vil sikre at begge etatene er tidlig orientert om nødsituasjoner, og kan raskt sammen avklare behov for innsats, uavhengig av hvem av etatene som mottar første melding. I dag er det totalt fem samlokaliserte nødsentraler.
Det fremgår av Granavoldenerklæringen at regjeringen vil gjennomgå beredskapskapasiteten i kommunene, herunder rollefordeling mellom brann- og redningsvesen, politi og helsevesen. Dette arbeidet vil bli omtalt i den kommende meldingen til Stortinget om samfunnssikkerhet.