Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:971 (2019-2020)
Innlevert: 10.02.2020
Sendt: 17.02.2020
Besvart: 25.02.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): I den siste innleveringen av Norges klimamål til FN (NDC 7/2.2020) er målet om at vi skal være klimanøytrale innen 2030 utelatt. 12.12.2015 vedtok Stortinget: «Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1.1.2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»
Hvorfor har regjeringen utelatt målet om klimanøytralitet i sin siste innsending til FN?

Begrunnelse

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: I samsvar med Parisavtalen har Noreg, som eitt av dei aller første landa i verda, innan fristen 9. februar 2020 meldt inn oppdaterte klimamål til FN. Det blir også referert til som Noregs nasjonalt fastsette bidrag. I denne innmeldinga er Noregs klimamål for 2030 forsterka: Medan målet tidlegare var å redusere klimagassutsleppa med minst 40 prosent innan 2030, jamført med utsleppsnivået i 1990, er målet no forsterka til å redusere frå 50 prosent og opp mot 55 prosent. I tråd med reglane som partane til Parisavtalen er blitt samde om er det i denne innmeldinga gjort nærare greie for korleis målet er å forstå.
I innmeldinga av Noregs nasjonalt fastsette bidrag frå 2015 blei målet om klimanøytralitet nemnt i informasjonen som gjorde greie for klimamålet for 2030. Men, det var ikkje ein del av vår forplikting under Parisavtalen.
Parisavtalen er strukturert slik at landa skal melde inn nasjonalt fastsette bidrag med ein tidshorisont på fem eller ti år. Noregs mål er eit tiårig mål, og gjeld for perioden 2021-2030. Klimanøytralitetsmålet gjeld frå og med 2030. I innmeldinga denne gong meinte vi det var viktig å være tydeleg og fokusere på kva som er vårt nogjeldande mål under Parisavtalen. Vi fant det difor ikkje føremålstenleg å gå nærare inn på klimanøytralitetsmålet i vår innmelding til FN.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ein omtale om oppfølginga av klimanøytralitetsmålet.