Jenny Klinge (Sp): Korleis er det tenkt at politidistriktas trening på politiets nasjonale beredskapssenter på Taralrud skal finansierast?
Begrunnelse
I Prop. 1S. frå Justis- og beredskapsdepartementet punkt 7.4.3 står det: «I kombinasjon med at politiet også får eigne helikopter med transportkapasitet, og at senteret blir brukt som eit kompetansesenter for IP3-personell, gir dette den nasjonale beredskapen eit stort løft»
Ei rekke avisoppslag har dei siste vekene varsla om den stramme økonomiske situasjonen i politidistrikta. Skal politidistrikta sende innsatspersonell på trening til Taralrud vil det medføre betydelege ekstra utgifter for politidistrikta både med tanke på transport og for å dekke opp for personell som ikkje kan nyttast på jobb. Det nasjonale beredskapssenteret er meint å vera nettopp eit nasjonalt senter som løftar beredskapen i heile landet, men for å oppnå dette må ein sørgje for at IP3-personell frå heile landet kan gjera seg nytte av senteret. Bakgrunnen for spørsmålet er at fleire i politiet uttrykkjer uro for at politidistrikta ikkje kan klare å prioritere pengar til å sende folk til trening på senteret, og at dette såleis ikkje får den nasjonale funksjonen det skulle ha.