Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:983 (2019-2020)
Innlevert: 14.02.2020
Sendt: 17.02.2020
Besvart: 24.02.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Ved handsaminga av Langtidsplanen for forsvaret i 2016 blei det bestemt at forsvarets IKT-verksemd i størst mogleg grad skulle samlast på Jørstadmoen.
Er denne etableringa av IKT-tenester/Cyberforsvar fullført, kor mange nye forsvarsrelaterte arbeidsplassar knytta til IKT/Cyberforsvar har flyttinga ført til og kor mange arbeidsplassar er enten utflytta eller effektivisert bort sentralt?

Begrunnelse

Under handsaminga av LTP i 2016 vart det vedteke at IKT-tenestene til forsvaret skulle samlast på Jørstadmoen, der det i 2016 var rundt 360 tilsette. Den 29.01.2019 blei det stilt spørsmål om status for etableringa og tal nye arbeidsplasser og studieplassar dette førte til. Forsvarsministeren svara at det hadde kome til 40 nye forsvarsrelaterte arbeidsplasser ved Cyberforsvaret og at det totalt var i underkant av 450 årsverk på Jørstadmoen i februar 2019. Dette står i stor kontrast til dei potensielt 650 nye arbeidsplassane som regjeringa hevda ville komme til Jørstadmoen som eit resultat av etableringa. Vidare viste Forsvarsministren til at tal arbeidsplasser sentralt ville bli påverka av at IKT-verksemda skulle effektiviserast og kostnadane reduserast. Det er difor av stor interesse å vite om det vil kome fleire arbeidsplassar som eit resultat at etableringa.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Stortinget har gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) slutta seg til at IKT-verksemda i Forsvaret konsoliderast på Jørstadmoen og vil ha dette som hovudbase for framtida i tråd med Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012). Leiinga i Cyberforsvaret, med stab- og støttefunksjonar, samlast i inneverande planperiode på Jørstadmoen. Vidare skal Cyberforsvaret i inneverande planperiode avvikle verksemd ved basar som blir lagde ned og samle øvrige delar av organisasjonen til færre stader, med Jørstadmoen som hovudbase. Dei delane av IKT- verksemda i Forsvaret som kan samlast i eit geografisk plassert senter, samlast på Jørstadmoen.
Samstundes vil Cyberforsvaret, mellom anna for å oppretthalde ein robust og tilgjengeleg informasjonsinfrastruktur for Forsvaret, naudsynleg måtte bli verande ein distribuert organisasjon også i tida framover. Cyberforsvaret sine tilsette er fordelt på om lag 50 tenestestader. Dei fleste av årsverka er knytt til drift og vedlikehald av Forsvaret sin landsdekkande kommunikasjonsinfrastruktur beståande av fibernett, radiolinjesamband, radionett og satellittkommunikasjon.
I ei tid der dei digitale trugslane aukar for kvar dag, er eg oppteken av å vidareutvikle eit robust og sterkt fagmiljø i Cyberforsvaret, mellom anna av omsyn til IKT- tryggleik og tryggleiksovervaking.
Mellom anna av denne årsak blir det også etablert eit felles IKT- responsmiljø for forsvarssektoren (MILCERT), som ein del av moderniseringa av IKT- verksemda i forsvarssektoren. Gjennom handsaminga av Innst. 346 S (2018–2019) til Prop. 60 S (2018–2019) blei Stortinget informert om at regjeringa vil auke Forsvaret si evne til vern mot digitale trugslar. Responsmiljøet blir etablert i Cyberforsvaret. Forsvaret opplyser at det er truleg at talet på årsverk til cybertryggleik på Jørstadmoen vil auke noko med auka satsing på cybertryggleik i framtida. Vidare opplyser Forsvaret at intern omorganisering har ført til at fleire arbeidsplassar er flytta til Jørstadmoen dei siste åra. Det samla talet på forsvarstilsette ved Cyberforsvaret på Jørstadmoen er om lag 450.