Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1058 (2019-2020)
Innlevert: 24.02.2020
Sendt: 25.02.2020
Besvart: 04.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): I 2017 var det hele 60 prosent av norske havner som manglet godkjente avfallsplaner. Alle avfallsplaner skulle vært på plass i 2014. Norge er blitt dømt i EØS-domstolen for dårlig oppfølging. Forsøpling til havs er en stor utfordring. Det er behov for gode mottaksordninger tilpasset ulike brukere.
Hva er status, og hvorfor har ikke dette arbeidet blitt mer prioritet?

Begrunnelse

Med hjemmel i forurensningsforskriften skal alle norske havner utarbeide avfallsplaner som skal godkjennes av fylkesmannen og revideres hvert 3.år. Kommunene skal lage oversikt over alle havner innenfor egen kommune som også skal sendes fylkesmannen.
Oversikten skal gjelde følgende typer havner, så sant de finnes i kommunen:

- kommunale eller interkommunale havner
- industrihavner
- fiskerihavner
- småbåthavner og mariner
- andre private havner for fritidsbåter

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Arbeidet mot marin forsøpling nasjonalt og internasjonalt er høgt prioritert av regjeringa. Skipsavfallsdirektivet vart innlemma i EØS-avtalen i 2001. Formålet med direktivet er å redusere dumping av avfall til sjøs frå skip som nyttar hamner i EØS-området. Eit sentralt tiltak for å oppnå dette er at hamnestaten må ha tilstrekkelege mottaksordningar for avfall frå skipsfart i alle hamner, samt at det må lagas planar for handtering av avfall i kvar hamn, etter bestemte krav. I direktivet er det ingen nedre grense for kva som er å rekne som ei hamn. Direktivet er i liten grad tilpassa norske forhold, med mange og små hamner langs heile kysten med småbåttrafikk.
Som følge av den svært lange kysten i Noreg har det difor vore vanskeleg og tidkrevjande å få ein tilfredstillande oversikt over talet på hamner innan dei tidsfristane ESA har satt, og det var difor Noreg blei dømt i EFTA-domstolen. Noreg vart i 2016 dømt for brot på artikkel 4 (1) om å sikre at det er mottaksordningar for avfall frå skip, artikkel 5 (1) om å utvikle avfallsplanar for kvar hamn i Noreg og artikkel 5 (3) om å vurdere og godkjenne avfallsplanar for kvar hamn i Noreg. Eg vil understreke at manglande avfallsplanar i seg sjølv ikkje inneber at skip manglar ein stad å levere avfallet sitt på land i Noreg. Det som er viktig for å sikre at skip som har avfall dei ønsker å levere på land kan gjere dette og at avfallet ikkje havnar i sjøen, er at det finnes tilstrekkelege system for mottak av avfall. Tilsyn frå Miljødirektoratet hadde før dommen ikkje påvist manglande fasilitetar for mottak av avfall i hamnene.
Etter dommen har Noreg fortsatt å arbeide for å godkjenne planar for alle hamner. Arbeidet har høg prioritet og Klima- og miljødepartementet har hatt mykje dialog med ESA om oppfylling av regelverket. I oktober 2019 var det 3316 hamner som anten var godkjende eller i ferd med å godkjennas, av om lag 4450 hamner.
Det er Fylkesmannen som godkjenner planane og som er ansvarleg for å revidere dei. Miljødirektoratet har utvikla ei elektronisk løysing for å registrere, godkjenne og revidere planane og denne løysninga planleggas å vere fullt operativ frå og med sommaren.
Det reviderte skipsavfallsdirektivet blei vedtatt i EU i 2019, og vi er no i prosess med å innlemme det i EØS-avtalen. I det reviderte direktivet blir fleire fartøygrupper inkludert, samt at det stilles krav til gjenvinning av avfall. Blant anna på bakgrunn av norske innspel er det òg innført enklare planløysingar for små, ikkje kommersielle fritidsbåthamner. Dette vil etter mi meining òg bidra positivt i arbeidet mot marin forsøpling.