Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1081 (2019-2020)
Innlevert: 27.02.2020
Sendt: 27.02.2020
Besvart: 03.03.2020 av forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kjem statsråden til stortinget med oppfølginga av Grimstadutvalet og avklaring til UiS om planar for medisinutdanning før eller etter sommaren 2020?

Begrunnelse

Viser til at Grimstadutvalet hadde høyringsfrist 15. februar 2020.

Henrik Asheim (H)

Svar

Henrik Asheim: Ved behandling av statsbudsjettet for 2018, jf. Innst. 12 S (2017-2018), ble det løyvd fem millionar kroner til ei utgreiing av ulike modellar for eit studium i klinisk medisin i samarbeid mellom Stavanger universitetssjukehus, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen. Vidare ba Stortinget regjeringa sette i gang eit arbeid med mål om å auke talet på studieplassar i medisin i Noreg, samt å vurdere å auke talet på studiestader, jf. vedtak 362 i Innst. 11 S (2017-2018).
Kunnskapsdepartementet sette i juni 2018 ned eit utval leia av professor Hilde Grimstad som leverte utgreiinga si 25. september 2019. Utgreiinga blei sendt på høyring 14. november 2019 med frist 15. februar 2020. Vi har motteke 90 høyringsfråsegner som no er til behandling i departementet.
Utgreiinga til utvalet og høyringsinnspela gir kunnskap om høve til å auke studiekapasiteten i medisinutdanning i Noreg, som Kunnskapsdepartementet vil vurdere nærmare.
Kunnskapsdepartementet tar sikte på å gi Stortinget tilbakemelding på oppfølging av Grimstadutvalet i statsbudsjettet for 2021.