Liv Signe Navarsete (Sp): Har statsråden vurdert kostnaden og nytta ved å bruka den tidligare militærleiren Haslemoen dersom Hæren blir utvida?
Begrunnelse
8. oktober 2019 la Forsvarssjefen fram sitt militærfaglige råd (FMR) for Forsvarets neste langtidsplan. Forsvarssjefen påpekar i sitt råd at eigedom-, bygg- og anleggskapasitetar (EBA) vil vere ein av dei framtidige flaskehalsene ved eit styrka forsvar. I anbefalinga står det mellom anna at:
«Et større volum i styrkestrukturen vil kreve en økning i bygningsmassen innenfor en rekke områder: forlegning, forpleining, velferd, idrett, garasjering, operative flater og så videre.»
Haslemoen har i dag stor bygningsmasse og leiren har om lag 20 000 dekar øvingsområde og skytebanar. Å etablere tilsvarande nye kapasitetar vil innebere store investeringskostnadar for Forsvaret.
I høve den store NATO-øvinga Trident Juncture i 2018 blei Haslemoen leir igjen brukt av Forsvaret. På det meste var det då om lag 2200 soldatar som åt i mannskapsmessa, hadde undervisning og øvde i både indre og ytre leir. Soldatane var då forlagt i dei fire kasernane og i andre bygningar i leiren. Tilbakemeldingane frå styrkane og Trident Juncture 2018 var at Haslemoen er ein godt fungerande militærleir som er i god stand.