Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1087 (2019-2020)
Innlevert: 27.02.2020
Sendt: 28.02.2020
Rette vedkommende: Utviklingsministeren
Besvart: 07.03.2020 av utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil regjeringa attinnføre informasjonsstøtta til sivilsamfunnet, som forvaltast av Norad, som ein eigen post i Statsbudsjettet for 2021 og vurdera auka bevilgingar til dette føremålet?

Begrunnelse

Norad arbeidar no med ein ny strategisk innretting på informasjonsstøtta, som er på høyring hos organisasjonane. Fram til 2014 var denne viktige informasjonsstøtta, som Norad forvaltar ovanfor norsk sivilsamfunn, ein eigen post i Statsbudsjettet (tilskot til opplysningsarbeid). Dette har sikra ei brei politisk forankring på Stortinget av føringane for denne støtta, som er «å fremje demokratisk deltaking, kritisk debatt og kunnskap om utviklingspolitiske tema». Dette har også beskytta ordninga mot politisk styring frå den til ein kvar tid sittande regjering og sikra ordninga legitimitet. Ordninga har i ei årrekkje gjeve gode resultat i tråd med Stortingets føringar. Sidan har omtala av denne støtta gradvis blitt svekka i budsjetta. I budsjettet for inneverande år blei det heller ikkje føreslått nokon bevilging.
Bevilginga til dette føremålet har ikkje auka sidan 2011 og har sidan logge stabilt kr. 60 millionar, noko som reduserer bevilginga si relative storleik i takt med den årlege inflasjon – sidan 2011 utgjer dette over 10 millionar kroner. Norads høyringsnotat om ny innretting som blei sendt ut 7. februar har vakt undring og uro i fleire organisasjonar, og ungdomspartia har stilt relevante spørsmål ved fleire problematiske aspekt ved høyringsnotatet. I lys av dette er det desto viktigare for Stortinget å kunne følgje Norads arbeid med informasjonsstøtta. Eit grep for å gjere dette mogeleg er å attinnføre informasjonsstøtta som eigen post i statsbudsjettet for 2021.

Dag-Inge Ulstein (KrF)

Svar

Dag-Inge Ulstein: Sivilsamfunnet speler ei nøkkelrolle i norsk utviklingspolitikk. I 2019 vart 7,5 milliardar kroner av utviklingsbudsjettet kanalisert gjennom frivillige organisasjonar.
Føremålet med informasjonsstøtta er å skape kunnskap, engasjement og kritisk debatt om globale miljø- og utviklingsspørsmål i Noreg. I år tek 38 organisasjonar imot slik støtte frå Norad. Til saman vert dette i underkant av 58 millionar kroner. To av desse organisasjonane tek imot støtta på vegne av andre, og fordelar ho vidare til i overkant av ti organisasjonar.
Støtta har god effekt, noko som har vorte bekrefta gjennom to evalueringar dei siste tre åra. Som representanten Navarsete sjølv peiker på, er det brei oppslutning om informasjonsstøtta i Stortinget. Etter mi meining held støtta høgare kvalitet i dag enn i 2014.
Regjeringa legg berekraftsmåla til grunn for norsk politikk fram mot 2030. Arbeidet med å utrydde all ekstrem fattigdom og nå dei andre måla vert utfordrande, og vi vil gå gjennom politikk og verkemiddel for å sjå korleis det kan gjerast så effektivt som mogleg. Dette gjeld ikkje minst spørsmål knytt til klimatiltak, utsleppsreduksjonar og tilpassing til klimaendringane. I arbeidet med ein strategi for klimatilpassing i utviklingssamarbeidet vert det mellom anna vurdert korleis vi kan nytta eksisterande og nye verkemiddel betre.
Norad, som forvaltar informasjonsstøtta i samsvar med måla som Stortinget har fastsett, går no gjennom korleis informasjonsstøtta best mogleg kan støtte arbeidet med berekraftsmåla.
For å sikra effektiv og fagleg god forvaltning av støtta, tek gjennomgangen utgangspunkt i tilrådingane frå evalueringane. Norad legg vekt på ein open gjennomgang i samarbeid med organisasjonar som tek imot støtte eller som kan verte aktuelle for støtte.
Det vart haldne to informasjonsmøte i 2019, og Norad inviterte til skriftlege innspel. Det har nett vore ein høyringsrunde om dei førebelse forslaga til endringar.
Eg vil arbeide for at regjeringa vidareførar informasjonsstøtta og er trygg på at Norad vil gjere dei justeringane som er naudsynte for å gjere ho meir effektiv og tilpassa arbeidet med å nå berekraftsmåla.