Skriftlig spørsmål fra Bjørnar Moxnes (R) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1101 (2019-2020)
Innlevert: 28.02.2020
Sendt: 28.02.2020
Besvart: 11.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Bjørnar Moxnes (R)

Spørsmål

Bjørnar Moxnes (R): Hvorfor er ikke overvåkningsprogrammet for ammonisjonsdeponiet i Mjøsa fulgt, og hvilke konsekvenser kan dette ha; hvilke parametere/stoffer vil det bli målt på når Forsvaret tar opp igjen undersøkelsene i 2020?

Begrunnelse

Mjøsa er drikkevannskilde for 200 000 innbyggere i 5 kommuner. I 1999 ble det funnet et ammunisjonsdeponi i Mjøsa, som hadde blitt dumpet der av ammunisjonsfabrikken Raufoss og Forsvaret i perioden 1940-1970. I 2002 påla Miljødirektoratet (da SFT) Forsvaret å gjennomføre et overvåkningsprogram for ammunisjonsdeponiet for å undersøke om det lakk ut kjemikalier. Miljøovervåkingen skulle skje hvert tredje år. I 2001 ble det konkludert med at ammunisjonen bør ligge i ro. Etter 2007 er det ikke gjennomført noen undersøkelser. Forsvaret ba om utsatt frist for nye undersøkelser i 2019, og har nå frist til desember 2020 med å gjennomføre overvåkningen. Det er altså gått 13 år siden sist undersøkelse. Det er usikkert hvor lenge konteinerne i ulike metaller og materialer holder tett.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det Norske Veritas gjennomførte i 2000 undersøkingar av ammunisjonsdeponiet i Mjøsa etter pålegg gitt av Miljødirektoratet, tidlegare SFT. Undersøkingane vart samanstilte i ein rapport utgitt i 2001. I rapporten frå 2001 vart det konkludert med at ammunisjonen ikkje vil føre til spreiing av miljøgifter, føresett at det får liggje i ro. Spreiing av sprengstoff til omgivnadene vil ikkje skje før metallhylsene er gjennomkorroderte, som truleg vil ta fleire hundre år. Nasjonalt Folkehelseinstitutt uttalte òg at det dumpa materialet ikkje utgjer nokon helserisiko slik det ligg no.
I vedtak av 17. juli 2002 påla likevel Miljødirektoratet, Forsvaret å gjennomføre eit overvakingsprogram for ammunisjonsdeponiet i Mjøsa. Bakgrunnen for overvakingsprogrammet var å fange opp ei eventuell utlekking av sprengstoffkjemikal til Mjøsa, som er drikkevasskjelde for fem kommunar. Pålegget vart utforma slik at overvaking skulle gjennomførast kvart tredje år, fram til 2015. Forsvaret følgde opp overvaking, gjennomført av Det Norske Veritas i 2004 og 2007, der sediment og vatn vart analysert for metall og sprengstoff. Resultata frå undersøkingane i 2004 og 2007 konkluderte med at det ikkje kan påvisast sprengstoffrelaterte stoff frå dumpingsområdet i vassprøvene som vart teke rett over botn eller i porevatnet frå sedimentet. Undersøkingane gav heller ingen indikasjon på forandringar i løpet av perioden det vart gjennomført overvaking (2001-2007). Likevel vart det anbefalt å gjennomføre den planlagde miljøovervakinga kvart tredje år.
Vidare overvaking vart ikkje gjennomført av Forsvaret. Miljødirektoratet vart i 2018 oppmerksam på dette, og Forsvaret vart pålagd å fullføre overvakingsprogrammet for ammunisjondeponiet i Mjøsa ved vedtak av 23. januar 2019. Frist for gjennomføring vart sett til 1. desember 2019, men denne vart sidan utsett til 1. desember 2020 i nytt vedtak 22. november.
Miljødirektoratet vil følgje opp saka, men har per no ingen indikasjonar på at deponiet kan føre til uheldige konsekvensar for miljøet eller Mjøsa som drikkevasskjelde.