Kjersti Toppe (Sp): Vil helseministeren gi eit tydeleg signal til Helse Vest RHF om at det er helseføretaket som har det finansielle og medisinske ansvaret for følgetjeneste for gravide ved fødsel, og sikre at helseføretaka finansierer følgjeteneste og beredskapfor alle fødande i Vik kommune som har rett på slikt tilbod?
Begrunnelse
Ei velfungerande følgjeteneste er viktig for tryggleiken til dei fødande. Ansvaret for følgjetenesta og naudsynt beredskap for fødande og gravide blei ført over til helseføretaka 1.januar 2010, saman med ansvaret for ambulansetenesta og annan sjuketransport. Statsråden presiserte i oppdragsdokumenta til helseføretaka i 2020 at 90 minutt er ei veiledande grense for slik følgjeteneste og at den skal reknast ut frå faktisk busetnad og ikkje kommunesenteret. Spørsmålsstillar er gjennom media gjort kjent med at Vik kommune i Sogn og Fjordane står i fare for å miste følgjetenesta for gravide fordi noverande jordmor går av med pensjon, og kommunen vurderer å måtte redusere stillingsprosenten til 20 prosent.
Det er godt kjent at risiko for komplikasjonar for mor og barn aukar ved reiseveg over ein time og at kvinner med ikkje- planlagt fødsel utanfor institusjon har om lag tredobla risiko for at barnet døyr i forbindelse med fødsel. Statsråden har forsikra stortinget om at regjeringa skal sørge for at alle kvinner skal sikrast følgjeteneste ved behov, og det er difor uakseptabel om Vik kommune no misser følgjetenesta fordi helseføretaket ikkje tek ansvaret for den, slik dei er plikta til.