Skriftlig spørsmål fra Terje Aasland (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1261 (2019-2020)
Innlevert: 21.03.2020
Sendt: 23.03.2020
Besvart: 30.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Er det slik at regjeringen fremdeles vurderer å legge et deponi til Dalen gruver i Brevik, til tross for kommunens entydige nei til et deponi for farlig avfall, Norcems klare nei til samdrift, og den såkalte ekspertgruppen nedsatt av regjeringens klare anbefaling om å ikke legge et deponi til Dalen gruver i Brevik?

Begrunnelse

I en epost til Knut Schuller datert 20.03.20 skriver direktoratet for mineralforvaltning ved Gunn Kristin Haukdal følgende:

«Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (DMF) og Miljødirektoratet har fått i oppdrag av Nærings- og fiskeridepartementet å gjennomføre en vurdering av om samdrift mellom et deponi for farlig avfall og fortsatt kalkutvinning i Dalen gruver i Brevik, er mulig og forsvarlig. Bakgrunnen for oppdraget er at regjeringen har sett at det er behov for en grundigere vurdering av om samdrift i Dalen gruver i Brevik er gjennomførbart.
Oppdraget omfatter gruvefaglige, praktiske, miljøfaglige og sikkerhetsmessige vurderinger ved samdrift og eventuelle negative økonomiske konsekvenser ved mulige former for samdrift.»

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er godt kjend med at ekspertutvalet tilrår staten ikkje å etablere eit deponi for farleg avfall i Brevik. Årsaka er mellom anna Norcem si verksemd i gruva. Eg er også godt kjent med at Porsgrunn kommune og Norcem ikkje ønskjer eit deponi for farlig avfall i Dalen gruver i Brevik.

Noreg har internasjonale plikter som seier at vi skal oppretthalde nasjonal kapasitet for handsaming av farleg avfall. Ein slik kapasitet er viktig for ei lang rekke industribedrifter.

Ekspertutvalet peikte på nokre alternativ til eit deponi i Dalen gruver, og eg har den siste tida hatt ei rekke møte med kommunar og industriaktørane som jobbar med desse alternativa. Eg har i særlig grad vore oppteken av å høyre om status for planane, og når dei eventuelt kan kome på plass.

I høyringa av rapporten til ekspertutvalet for farleg avfall tok også fleire til orde for å vurdere om samdrift i Dalen gruver er mogleg. Direktoratet for Mineralforvaltning og Miljødirektoratet har saman fått i oppdrag å utgreie dette. Oppdraget har dei fått av Nærings- og fiskeridepartementet i samråd med Klima- og miljødepartementet.

Miljødirektoratet har òg fått i oppdrag å vurdere dei alternativa som er peikt på i rapporten til ekspertutvalet for farleg avfall. I tillegg skal Miljødirektoratet vurdere moglege overgangsløysingar, og moglege tiltak for å redusere mengda avfall. Som ekspertutvalet og andre har peikt på vil ein slik reduksjon i avfallsmengde kunne kome på lang sikt, og vil såleis ikkje endre at Noreg treng ei løysing for farleg avfall når det er fullt på Langøya.

Som del av vurderingane er det viktig for meg å få klarleik i kva reelle alternativ som finst. Kva for rolle staten skal ta for å sikre lagringskapasitet når deponiet på Langøya er fullt, er sentralt i vurderingane vi skal gjere framover. Men det er ikkje tatt ei avgjerd enno. Det sentrale for regjeringa er at når vi skal ta ei avgjerd, må alle alternativ og alle spørsmål vere grundig utgreia. Det jobbar vi med no.