Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1300 (2019-2020)
Innlevert: 01.04.2020
Sendt: 02.04.2020
Besvart: 20.04.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Hva er grunnen til de store forsinkelsene for ferdigstillelsen av prosjektet Øye-Eidsbru på E16 Filefjellprosjektet, hvordan kan det tas læring av det som har skjedd slik at dette ikke skjer i kommende utbygginger, og når vil prosjektet bli åpnet?

Begrunnelse

Filefjellutbyggingen på E16 er nesten ferdig, men fortsatt er ikke strekningen Øye-Eidsbru i Vang kommune ferdigstilt, til tross for at prosjektet skulle vært åpnet for lenge sida. I følge oppslag i lokalpressen er det elektroarbeidet i Rødølstunnelen som er årsaken til forsinkelsen, mens selve tunnelen har vært ferdig i lengre tid. Det hevdes videre at det er problemer med den spanske entreprenøren som har hatt ansvaret for elektroarbeidet i Rødølstunnelen.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: På dette prosjektet har det vore inne to entreprenørar, ein på hovudentreprisen med bygging av veg-, bru- og tunnel, og ein på elektroinstallasjonar. Begge har vorte forseinka av ulike grunnar. På hovudentreprisen vart sprenging og masseflytting forseinka slik at dei ikkje klarde å halda produksjonen oppe. Dette medførte at arbeidet måtte gå over vinteren med tilsvarande liten produksjon. På elektroentreprisa er entreprenøren forseinka mellom anna av utfordrande forhold mellom entreprenør og underentreprenørar, dels ved manglande økonomisk oppgjer mellom elektroentreprenør og underentreprenørar/ underleverandørar, og dels utskifting og mangel på leiing hos elektroentreprenøren. Kontraktane er lyst ut i entreprenørmarknad med internasjonal konkurranse, men med bakgrunn i norske standardar der entreprenørane mellom anna har ansvaret for framdrift. I kontraktane er det og delfristar med mulkt som skal vere med på å sikra jamn framdrift.
Det er generelt viktig for Statens vegvesen å ta med lærdom frå alle sine prosjekt i arbeidet med kommande utbyggingar. Ein anleggskontrakt mellom to partar er regulert av ulike plikter og rettar. Entreprenørane har rett til fristforlenging både med og utan økonomisk kompensasjon. Det er såleis aktuelt å vurdera både tidskrav, storleik på kontraktane, kontraktsformer med meir, for eksempel meir bruk av totalentreprise. Det er alltid ei avveging mellom det ansvar ein legg på ein entreprenør og risikopremien ein må betale. For en stor statleg byggherre som Statens vegvesen kan det difor vere lønnsamt over tid å ta noko av risikoen i prosjekta sjølv.
Det er framleis usikkerheit til opningstidpunktet sjølv om prosjektet går mot overtaking i desse dagar, men SVV opplyser at målsettinga er å ferdigstilla til ferien 2020.