Hadia Tajik (A): Kor stort proveny av dei anslåtte 20 mrd. kr pr. mnd. av kontantstøtta til bedrifter som er stengt ned eller som opplever sterkt omsetningsfall på grunn av korona er fordelt på a) leie av lokale, b) lys og varme, c) vatn og avløp, d) forsikring, e) leige av utstyr og transportmidlar og f) nettorenteutgiftar, der sistnevnte vert fordelt på interne og eksterne rentekostnader og for å sikre at støtta ikkje vert ført ut av landet, kva ta vurderer departementet å setje for støtteutbetaling per konsern og kva faktor vurderer regjeringa å nedskalere gjeldsrenter?
Begrunnelse
I Prop. 70 LS (2019–2020) Proposisjon til Stortinget Lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall m.m heiter det at departementet og vil vurdere om det er mogleg å leggje inn tiltak for å hindre at midlar vert ført ut av landet. Ifølge tal frå «Regnskap for ikke-finansielle foretaks utenlandsfinansiering» og ein rapport frå SSB har norske selskaper si samla gjeld til utlandet meir enn fordobla seg i perioden 2005-17, og rapporten syner og at auka intern gjeld kan vere motivert av skatteplanlegging. I samband med støtteordninga slik ho er presentert i Prop 70 LS (2019-2020) heiter det at regjeringa «tar sikte på en grense på 30 mill. kroner per foretak per måned. Selskap som inngår i konsern reiser særlige problemstillinger, blant annet for beregningen av tilskudd. Departementet vil vurdere om en maksimumsgrense for støtte skal gjelde samlet for konsern som foretaket inngår i». Ei anna kjent metode for å flytte overskot ut av landet er via royalties, noko som ikkje er med som fast kostnad i ordninga, men regjeringa omtaler ikkje årsaka til dette. Vidare heiter det at:
«Det vurderes å sette en begrensning på utgifter til leie av lokale og til gjeldsrenter. Departementet vil derfor ha adgang gjennom forskrift til at slike kostnader nedskaleres med en gitt faktor.»