Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1336 (2019-2020) Innlevert: 14.04.2020 Sendt: 15.04.2020 Besvart på vegne av: Landbruks- og matministeren Besvart: 22.04.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Lars Haltbrekken (SV): Departementsråden i Landbruksdepartementet har før han gikk av, kritisert Miljødirektoratet for å bruke beregningsmetoden GWP100 for sammenligning av metan med andre klimagasser - blant annet i Klimakur 2030. GWP100 er metoden som FNs klimapanel og medlemslandene av UNFCCC, har forpliktet seg til å bruke i sine klimaregnskap. Departementsråden mener man i stedet burde brukt en av de nye beregningsmåtene; GWP*. Hos NRK.no 11. april presenteres et regnestykke fra Cicero og NIBIO som viser at med GWP*-metoden vil Klimakurs forslag om mindre kjøttforbruk gi 15 ganger så sterk klimaeffekt som når man bruker GWP100.Hva er statsrådens kommentar til funnene fra Cicero og NIBIO og hvilken regnemetode mener statsråden det er riktig å legge til grunn?
NRKs artikkel er her:https://www.nrk.no/norge/krangler-om-utregning-av-kjottkutt-1.14968737?fbclid=IwAR1dTDYfZwMRyqaJ3D_oNFK9fAXCDCnIMdMrZvKPF0GWlS9wkqgadWo-hao
Sveinung Rotevatn: For å kunne samanlikne oppvarmingseffekten til klimagassane har ein i Klimakonvensjonen, Kyotoprotokollen og Parisavtalen vorte samde om å nytte GWP100 (globalt oppvarmingspotensial i eit hundreårsperspektiv) for rapportering av klimagassar. For klimaavtalen med EU skal vi òg rapportere med GWP100.Ved bruk av GWP100 reknar vi utsleppa om til såkalla CO2-ekvivalentar. I tillegg til CO2-ekvivalentar førar Noreg klimagassrekneskap som absolutte tal/utslepp per gass og kjelde. I tråd med dette har regjeringa i klimaavtalen med jordbruket lagt til grunn at rapporteringa òg skal skje gass for gass. Slik kan vi saman halda best mogleg oversikt over utviklinga. Kva vektfaktorar og tidsperspektiv som best framstiller klimaproblemet, har vore diskutert sidan klimaproblemet vart kjent. Vitskaplege vurderingar av vektfaktorar blir gjort kontinuerleg, både internasjonalt og nasjonalt. Saman med fleire, påpeikar forskaren Myles Allen, som mellom anna har vore ein sentral bidragsytar til FNs klimapanel, at det kan vera misvisande å samanlikna utslepp og kutt av CO2 med tilsvarande utslepp og kutt av metan, fordi sistnemnde ikkje blir akkumulert i atmosfæren. Forskarane har derfor utvikla ein alternativ vektfaktor som kallast GWP*. Denne vektfaktoren tar meir omsyn enn GWP100 til den korte levetida til metan i atmosfæren. GWP* bereknar temperatureffekten av metan og viser at ein auke i metanutslepp vil bidra kraftig til oppvarming. I tillegg viser GWP* at ein svak reduksjon i metanutslepp over tid held dagens oppvarmingseffekt ved like, medan ein litt større reduksjon vil bidra til å bremsa oppvarminga. Bruk av vektfaktorar vil alltid innebere ei vekting av eigenskapar. Det er ikkje noko nytt at GWP100 ikkje gir ei perfekt framstilling. Det er likevel ein styrke i seg sjølv at verda er samde om å bruke denne. Felles globalt regelverk er ein føresetnad for internasjonalt klimasamarbeid og for å kunna samanlikne informasjon om utsleppsutviklinga globalt. Bruk av vektfaktor blir jamleg vurdert under FNs klimaavtalar, og gjennom 30 år har ein ikkje fått semje om at andre vektfaktorar er betre eigna. Fordi ingen vektfaktor er optimal, og fordi val av vektfaktor alltid vil avhenge av kva ein ønskjer å måle, har Miljødirektoratet i fleire utgreiingar sidan 2013 analysert klimaeffekt på kort sikt i tillegg til den tradisjonelle metoden (med 100-årsperspektiv). Klima- og miljødepartementet har sett ut eit oppdrag på ein slik analyse av tiltaka i Klimakur2030. Miljødirektoratet skal levere denne i vår. Her nyttar dei ein vektfaktor utvikla i samarbeid med CICERO som kallast "GTP10, Noreg". Nemninga "GTP10, Noreg" gir eit augneblinkbilete av temperaturresponsen av eit tiltak 10 år etter utsleppet. Dette kunnskapsgrunnlaget vil vere viktig når regjeringa skal leggja ein plan for klimapolitikken i åra framover.Heilt uavhengig av vektfaktorar er det ingen tvil om at metan er ein kraftig klimagass som det, uansett reknemetode, er viktig å redusere utsleppa av. Det kan likevel ikkje erstatte kutt i utslepp av CO2. Som du viser til i spørsmålet ditt, har CICERO og NIBIO lagt fram eit reknestykke som samanliknar bruk av GWP* med GWP100. Dei får som resultat at bruk av GWP* viser større klimaeffekt enn GWP100 ved lågare kjøttforbruk. GWP* er ein relativt ny vektfaktor. Vi må forstå betre korleis GWP* fungerer før den eventuelt kan nyttast i tiltaksanalysar. Eg føler meg trygg på at kunnskapsgrunnlaget vi politikarar har om eigenskapane til dei ulike klimagassane, er tilstrekkeleg for at vi kan ta gode avgjerder for framtidige generasjonar. Så langt har vi oppnådd å avgrense metanutsleppa ved å arbeide saman med jordbruket. Regjeringa ønskjer å halde fram med dette arbeidet og motivere gardbrukarane til framleis å arbeide målretta med å redusere utsleppa i produksjonen. Dette vil gi varig betre løysingar både for matforsyning og for klima.