Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1348 (2019-2020)
Innlevert: 16.04.2020
Sendt: 17.04.2020
Besvart: 23.04.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva grep vil statsråden ta for å hindra ytterlegare utsetjing av Rogfast og sikra raskast mogleg framdrift?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg med ei oppdatering på status på prosjektet, forhold som har bidrege til forseinkinga og kva statsråden no har tenkt å gjera for å få framgang i prosjektet.
Rogfast er eit prosjekt som etter dei opphavelege planane snart skulle ha vore opna for trafikk. Det har under samferdselsministrane Dale og Solvik-Olsen vore både lite framdrift og vanskeleg å få ut full informasjon om kva som har vore status i prosjektet.
Det er mykje som tyder på at det dei neste åra vert ein særs vanskelege situasjon for næringslivet i Rogaland. Eit stort statleg prosjekt vil vera viktig for regionen.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Som det går fram av statsbudsjettet for 2020, gjer Statens vegvesen no ein brei gjennomgang av prosjektet. Dette er etaten godt i gong med.
Etaten opplyser overfor Samferdselsdepartementet at dei har valt å leggje dette opp med to gjennomgangar, ein intern og ein ekstern. Både kostnadsbesparande tiltak, gjennomføringsstrategi og føresetnader for finansieringsopplegget blir vurderte på nytt. Ekstern konsulent, EY (Ernst and Young), har mellom anna vurdert kostnader, finansieringsplan og kostnadsoptimalisering av prosjektet. I gjennomgangen nyttar Statens vegvesen seg av dette grunnlaget saman med eigne analysar og vurderingar. Etaten vil kome med si tilråding til departementet etter dette.
Samferdselsdepartementet har førebels ikkje motteke Statens vegvesen sine vurderingar. Eg vil setje meg grundig inn i dette når etaten har levert vurderingane sine.
Eg vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.