Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1403 (2019-2020)
Innlevert: 22.04.2020
Sendt: 23.04.2020
Besvart: 29.04.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Når fekk Luftfartstilsynet alle naudsynte dokument frå Forsvarsdepartementet for å kunne gi ein førehandsgodkjenning av noverande plassering av MPA-hangaren?

Begrunnelse

I Prop. 78 S (2019-2020) ber regjeringa Stortinget om å auke kostnadsramma for prosjektet, etablering av fasilitetar for dei nye maritime patruljeflya på Evenes flystasjon. Prisjustert til kostnadsnivå pr. 1. juli 2020 er kostnadsramma 1 842 mill. kroner. Forslaget er å auke kostnadsramma til 2 400 mill. kroner, ei auke på 558 mill. kroner. Dette er andre gang regjeringa ber om å auke kostnadsramma på prosjektet. Opphavleg budsjett for hangar til tre fly var i overkant av 1 mrd. kroner i 2016.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Harstad/Narvik lufthamn Evenes er sertifisert i samsvar med det felleseuropeiske flyplassregelverket med Avinor AS (Avinor) som flyplassoperatør. Avinor skal såleis vurdere om ei utbygging på flyplassen er i samsvar med gjeldande regelverk og eventuelt fremja ein konkret søknad til Luftfartstilsynet om tiltaket er søknadspliktig. Avinor og Forsvarsbygg har gjennomført fleire møter for å avklare korleis betyding etableringa til Forsvaret vil ha for den sivile drifta av lufthamna.
Avinor sendte den 9. desember 2019 søknad til Luftfartstilsynet om oppdatering av sertifiseringsgrunnlaget til lufthamna. Når det gjaldt etableringa av hangar for Forsvaret sine nye maritime patruljefly opplyste Avinor at dette ikkje ville medføre eit avvik, og at dei difor ikkje rekna hangaretableringa for søknadspliktig. Luftfartstilsynet bad den 12. desember 2019 om ytterlegare dokumentasjon med heimel i flyplassregelverket for å kunne ta stilling til om tilsynet skulle krevja ei førehandsgodkjenning av hangaren. Den 15. januar 2020 vart den etterspurte dokumentasjonen sendt til Luftfartstilsynet. I brev av 30. januar 2020 vart Avinor orientert om at Luftfartstilsynet hadde tatt saken om ei etablering av hangar for dei maritime patruljeflya på Evenes til førehandsgodkjenning. I brev av 3. februar 2020 førehandsgodkjente Luftfartstilsynet etableringa av den nasjonale hangaren.
Eg vil for ordens skuld gjere merksam på at dette er første, og ikkje andre, gang regjeringa ber Stortinget om auka kostnadsramme på prosjektet for etablering av maritime patruljefly på Evenes. Prosjektet vart godkjent ved Stortinget si behandling av Innst. 346 S (2018-2019) til Prop. 60 S (2018-2019) den 12. juni 2019. Ei kostnadsramme for prosjektet, med ei eiga avsetjing for uvisse, vart utvikla ved utarbeiding av forprosjektet som grunnlag for omtala i Prop. 60 S (2018-2019). Denne ramma kan såleis ikkje direkte samanliknast med tidlegare berekningar som var utarbeida for å velje baseløysing i 2016.