Fredric Holen Bjørdal (A): Med forslag om direkte utgiftsføring av alle prosjekt med sanksjonering i 2020 og 2021 (før 31. desember 2021, forslagets punkt 2):
Kva for investeringsbeløp i 2020, 2021, 2022, 2023, 2024 og 2025 vil dette ha effekt for og kor sannsynleg er det at eit slikt forslag kan medføre at investeringar blir framskunda?
Begrunnelse
Viser til forslag frå Norsk Olje og Gass: https://www.norskoljeoggass.no/contentassets/3273416fb77a4e05966b5aa630a9b18b/skatteforslag.pdf. Ein reknar med at prosjekt med sanksjonering/PUD/PAD i 2020 og 2021 og som ikkje per i dag er sanksjonert eller hatt PUD/PAD vil innebere investeringar i 2020 og 2021, men med normalt investeringsforløp, også medføre store investeringar og moglege direktefrådrag i 2022, 2023, 2024 og 2025 osv. Rystad Energy angir 4 prosjekt med antatt "approval" i 2020 og 2021 (Balder, Eldfisk, Grane D og F), med samla investering i 2020/2021 på om lag 500 millionar dollar, men med samla investeringar i åra deretter på 5500 millionar dollar. Tilsvarande har prosjekt med antatt "approval" i 2022 og 2023, som eventuelt kan framskundast, no antatt investeringar på 150 millionar dollar i 2020 og 2021, men antatte investeringar på 15000 millionar dollar i åra deretter.