Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1484 (2019-2020)
Innlevert: 01.05.2020
Sendt: 04.05.2020
Besvart: 11.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): 3. mai 2018 vedtok Stortinget å stille krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene senest fra 2026. Nylig har Sjøfartsdirektoratet i sin vurdering av saken til KLD anbefalt å utsette innføringen av vedtaket til 2030. Utsettes nullutslippskravet vil ikke det bare gi fortsatt store utslipp av klimagasser. Det vil også skape stor usikkerhet i næringslivet som har gjort investeringer for å møte 0-utslippskravene.
Kan statsråden forsikre Stortinget om at det ikke er aktuelt å utsette innføringen av nullutslippskravene som senest skal gjelde fra 2026?

Begrunnelse

Vedtaket fra 3. mai lyder:

"Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026."

En rekke næringslivs aktører forbereder nå innføringen av disse kravene og har gjort store investeringer.
Kystruten Havila er overasket over anbefalingen som nå kommer fra Sjøfartsdirektoratet. Det ny etablerte selskapet har gjort enorme investeringer for å imøtekomme miljøkravene til b.a. å kunne seile inn i de norske verdensarvfjordene. Til Maritime Bergen sier Adm. Direktør Arild Myrvoll:

"Havila Kystruten har gjort enorme investeringer og forsket på ny teknologi for å imøtekomme vedtaket om nullutslipp i verdensarvsfjordene. Våre skip vil kunne imøtekomme kravet om nullutslipp allerede før 2026. At Sjøfartsdirektoratet nå setter dette i spill, er ikke bare overaskende, det er uheldig."

Batterileverandøren Corvus er blant selskapene som har gjort store investeringer i forsking- og utvikling for å levere løsninger som gjør at cruisenæringen kan møte nullutslippskravene.

"Vi har investert over 100 millioner kroner i utvikling av løsninger som vil gi cruisenæringen muligheter til å seile utslippsfritt inn og ut av verdsarvfjordene, og er i sluttforhandlinear med flere store cruiserederi. Dette er et direkte resultat av nullutsleppsvedtaket. Det er svært uheldig at Sjøfartsdirektoratet nå skaper usikkerhet, og som et resultat kan prosjektene bli satt på vent,"

sier Geir Bjørkeli, administrerende direktør i Corvus til Maritime Bergen.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: I oppmodingsvedtaket frå Stortinget i 2018 (Vedtak 672, 3.5.18) står det: "Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026".
Av handlingsplanen for grøn skipsfart går det fram at regjeringa vil følgja opp oppmodings-vedtaket frå Stortinget, og komma tilbake til Stortinget på eit eigna tidspunkt. Dette arbeidet er regjeringa i gang med.
Sjøfartsdirektoratet fekk difor i tildelingsbrevet for 2019 i oppdrag å «Utrede konsekvensene av å innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026». Sjøfartsdirektoratet sendte svaret sitt på oppdraget til Klima- og miljødepartementet 22. april 2020. Det omfatta ein rapport som DNV GL har utarbeidt på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet, direktoratet si vurdering av rapporten og ei tilråding frå direktoratet om vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket med utgangspunkt i dei teknisk faglege vurderingane.
Sjøfartsdirektoratet si vurdering er at nullutslepp (null utslepp av alle utsleppskomponentar) frå 2026 er mogleg ved elektrifisering/batteridrift for mindre fartøy med lokal tilknyting, føresett utbygging av nødvendig ladeinfrastruktur. For større turistskip som cruiseskip er ikkje elektrifisering og batteridrift eit alternativ i dag, grunna av for låg kapasitet i eksisterande batteripakkar. Om eit krav om 95 % reduksjon i CO2 blir lagd til grunn, er vurderinga at biogass kan fungera som eit substitutt for LNG, på dei cruiseskipa som er tilpassa gassdrift. Dette føreset at biogass blir gjort tilgjengeleg for cruiseflåten. Andre teknologiar for cruiseflåten vurderast ikkje som realistisk innan 2026 fordi modenheten til teknologiane og tilgjengelegheita av alternativt drivstoff, som hydrogen og ammoniakk, ikkje er tilstrekkeleg per i dag.
Sjøfartsdirektoratet meiner det vil vera vesentleg forskjellsbehandling ikkje å innføra eit nullutsleppskrav for alle fartøy frå 2026, også i lys av at det er cruiseskipa som har dei største utsleppa.
Sjøfartsdirektoratet viser også til oppdraget dei har fått av regjeringa om å greia ut ei utviding av krava som vart stilte til skip for å redusera utslepp i verdsarvfjordane i 2019, til andre norske farvatn. Sjøfartsdirektoratet meiner innføring av strengare utsleppskrav for skip i norske farvatn og krav om nullutslepp i verdsarvfjordane må sjåast i samanheng. Dei tilrår derfor at dei først gjennomfører bestillinga om utviding av krava som er innførte i verdsarvfjordane til andre norske farvatn før dei gjennomfører bestillinga om eit nullutsleppskrav i verdsarvfjordane innan 2026. Sjøfartsdirektoratet tilrår vidare at eit nullutsleppskrav i verdsarvfjordane først bør innførast i 2030, for å gi meir tid til teknologiutvikling og omstilling, som er særleg naudsynt for dei store turistskipa.
Klima- og miljødepartementet har fått mykje nyttig informasjon gjennom arbeidet som no er gjort av Sjøfartsdirektoratet. Eg vil påpeike at tilrådingane som direktoratet har gitt, først og fremst er baserte på ei teknisk fagleg vurdering. Desse vurderingane er viktige å ha med seg vidare for å forstå utfordringane og moglege implikasjonar av Stortingets oppmodingsvedtak.
Eg registrerar at vurderingane og tilrådingane frå Sjøfartsdirektoratet har ført til ein god del merksemd frå ulike aktørar i media, kor fleire har peika på kor viktig det er å halde på nullutsleppskravet i verdsarvfjordane frå 2026. Eg er vidare klar over at fleire næringslivsaktørar har førebudd seg for innføring av nullutsleppkravet. Desse aspekta vil også bli tatt med i dei vidare vurderingane av saka.
Klima- og miljødepartementet vil no ha ei gjennomgang av rapporten og tilrådingane med Sjøfartsdirektoratet og andre aktuelle departement, og vurdera kva andre aspekt som må klårgjerast for å kunna vurdera dei ulike sidene i saka og etablera eit tilstrekkeleg og heilskapleg fagleg grunnlag.
Eg tek framleis utgangspunkt i at nullutsleppskravet skal nåast innan 2026. Det vil truleg vera behov for å gjennomføra fleire utgreiingar for å få belyst alle sidene av saka. Det er difor for tidleg for regjeringa å konkludera på dette no. Når saka er tilstrekkeleg opplyst vil regjeringa komma tilbake til Stortinget med korleis oppmodingsvedtaket skal følgjast opp.