Jenny Klinge (Sp): Vil samferdselsministeren sørgje for at det blir funne ei praktisk løysing som gjer at folk som har fått inndratt førarkortet sitt midlertidig ikkje treng å vente uforhaldsmessig lenge før dei kan få det tilbake?
Begrunnelse
Koronakrisa gjer at mange ikkje får gå opp til den praktiske prøven for å få førarkort, og eg går ut i frå at statsråden gjer sitt beste for å få fortgang på dette. Når det gjeld folk som har fått inndratt førarkortet sitt og som må ha ein køyretime før dei kan ta praktisk prøve på nytt, får dei no forlenga inndraginga av førarkortet langt utover det som var meint. Dette kan ordnast med enkle grep, slik eg ser det, dersom målet er at systemet skal fungere så smidig som mogleg i ein vanskeleg situasjon. Eg håpar statsråden kan vurdere ei ordning der til dømes dei som har fått inndratt førarkortet kan få tilbake dette utan ny køyreprøve eller kunne køyre midlertidig på det førarkortet dei har fram til dei får teke ny køyreprøve innan ei viss tid, til dømes eit halv eller heilt år. På dette viset vil også køane blir kortare i år, noko som vil vera positivt for at fleire unge skal kunne få time raskare for første oppkøyring.
Eg viser til det som står på nettsidene til Statens Vegvesen, der dei har funne ei praktisk løysing for dei som har utløpt førarrett for tunge klassar:
Midlertidig forlengelse i forbindelse med koronautbrudd
I samråd med Helsedirektoratet har Statens vegvesen vedtatt en midlertidig forlengelse av utløpt førerett for deg med tunge klasser (C, CE, C1, C1E, D, DE, D1 og D1E), yrkessjåfør- og utrykningskompetanse, samt for deg som er over 80 år.