Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeri- og sjømatministeren

Dokument nr. 15:1556 (2019-2020)
Innlevert: 08.05.2020
Sendt: 08.05.2020
Besvart: 15.05.2020 av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva element av kvotemeldinga ser statsråden det som naudsynt og ynskjeleg å utgreie konsekvensane av som fylgje av Stortinget sitt vedtak?

Begrunnelse

Stortinget gjorde ved handsaming av kvotemeldinga slik vedtak:

«Stortinget ber regjeringen - før iverksettelse - foreta konsekvensutredning av eventuelle elementer i beslutningene ved behandlingen av Innst. 243 S (2019-2020) som ikke er konsekvensutredet gjennom meldingen.»

Odd Emil Ingebrigtsen (H)

Svar

Odd Emil Ingebrigtsen: Før eg svarar konkret på spørsmålet til representanten Pollestad, vil eg vise til at Riksrevisjonen har gjort ei undersøking av kvotesystemet i kyst- og havfisket som vart lagt fram den 28. april 2020. Her vert det fremja kritikk om blant anna manglande konsekvensvurderingar i nokre tilfelle i perioden 2004 - 2018. Kvotemeldinga vart lagt fram i 2019, altså etter Riksrevisjonen si undersøkingsperiode.
Eg vil understreke at regjeringa sine forslag til tiltak i Meld. St. 32 (2018–2019) - Et kvotesystem for økt verdiskaping, er grundig konsekvensvurdert. Meldinga byggjer mellom anna på Eidesenutvalet si utgreiing i NOU 2016: 26 Et fremtidsrettet kvotesystem. Eidesenutvalet var eit offentleg ekspertutval som vart oppretta 19. juni 2015 og som kom med innstillinga si 14. desember 2016. For å styrke vurderingsgrunnlaget innhenta utvalet forskingsrapportar om nokre tema som det vert gjort greie for i innstillinga og som var vedlagt der. I utgreiinga har utvalet grundige vurderingar av framlegga sine. Innstillinga vart sendt på ei offentleg høyring, det vart halde offentlege møte og gjeve høve til å kome med innspel til innstillinga.
Stortinget har ved handsaminga av kvotemeldinga fatta følgjande vedtak 558:

"Stortinget ber regjeringen - før iverksettelse - foreta konsekvensutredning av eventuelle elementer i beslutningene ved behandlingen av Innst. 243 S (2019-2020) som ikke er konsekvensutredet gjennom meldingen."

Dette gjeld altså der Stortinget har gjort framlegg om endringar eller nye tiltak, ut over det som regjeringa konsekvensvurderte og fremja i kvotemeldinga. Dette vil regjeringa følgje opp.
I innlegget mitt til Stortinget i debatten om kvotemeldinga sa eg mellom anna:

"Da Kvoteutvalget ble satt ned i 2015, var det særlig to problemstillinger regjeringen ønsket å få belyst. Det var å få en vurdering av anvendelsen av ressursrenten i fiskeriene og anvendelsen av utløpte tidsbegrensede strukturkvoter i et framtidsrettet kvotesystem. Begge disse spørsmålene har stor betydning for fiskeflåtens framtidige rammebetingelser."

Regjeringa foreslo å sjå spørsmåla om tidsavgrensinga i strukturkvoteordninga og næringa sitt bidrag til fellesskapet i samanheng. Det skulle vere opp til den enkelte fiskar å velje om ein ville søke om å konvertere strukturkvotar før overgangen til eit nytt kvotesystem, eller å halde seg til gjeldande tidsavgrensing. For dei som valde å konvertere strukturkvotar, ville 80 pst. av strukturgevinsten som oppstår ved konvertering, refordelast direkte til fartøya i gruppa ved overgangen til eit nytt kvotesystem. Dei resterande 20 pst. av strukturgevinsten skulle gå til eit kvotelager. Dei delane som ville gå til kvotelageret, skulle leigast ut gjennom kvoteutvekslingsordninga. Strukturgevinsten ville såleis fordelast til fartøygruppene indirekte, via eit kvotelager, der staten samtidig fekk eit proveny frå fiskerinæringa. Dette var meint som eit lite bidrag til å dekke statens forvaltningskostnader.
Framlegga i meldinga handla såleis om fordelinga av strukturgevinst som oppstår ved forlenging av strukturkvoteordninga. Stortinget har samla seg om at det ikkje skal etablerast eit statleg kvotelager og at det ikkje skal gis høve til forlenging av tidsavgrensinga i strukturkvoteordninga. Stortinget har derimot teke ei avgjerd om kva som skal vere grunnlaget for fordeling av avkorting ved framtidig strukturering og for fordeling av strukturgevinst i framtida, jf. vedtak 551. I kvotemeldinga er det ikkje gjort ei konsekvensvurdering av fordeling av strukturkvotar ved ei tidsavgrensing på strukturkvotene, fordi regjeringa altså ikkje har fremja tiltak om dette. Det vart derimot gjort klart at fordelinga av strukturgevinsten ville vere eit spørsmål som myndigheitene må ta stilling til når den tida kjem. Eg ser det difor som naturleg at innhaldet i vedtak 551 skal konsekvensvurderast, jf. vedtak 558.
Stortinget har uansett i vedtak 554 om ei fiskal avgift på fiskeria og vedtak 555 om ein overgangsperiode der fartøy med anna faktisk lengde enn heimelsengde kan velje å bringe fartøyets faktiske lengde i tråd med heimelslengda, bedt regjeringa komme tilbake til Stortinget med eit forslag.
Det Stortinget har vedteke, skal nå gjennomførast. Ved gjennomføringa vil det oppstå detaljspørsmål som det må takast stilling til. Då må ein òg vurdere konsekvensane av ulike val. Det skal vidare gjennomførast høyringar før forskrifter kan fastsetjast. Her vil det altså bli gjort konsekvensvurderingar av dei spørsmåla som må løysast når vi skal implementere Stortinget sine vedtak.
Der Stortinget i handsaminga av kvotemeldinga har lagt inn føringar, til dømes ei avgrensing eller eit tillegg som ikkje allereie er konsekvensvurdert i meldinga, vil eg sjølvsagt ta omsyn til det og få fram konsekvensane av dette i samband med vurderingane som skal gjerast av tiltaka.