Skriftlig spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1595 (2019-2020)
Innlevert: 11.05.2020
Sendt: 12.05.2020
Besvart: 26.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Fylkesmannen i Troms og Finnmark har behandlet søknader fra en rekke kommuner nord i det nye storfylket, om å utvide perioden der skuterløypene er åpen for normal ferdsel grunnet store snømengder. Flere av kommunene i Finnmark har fått tillatelse om å holde alle eller enkelte løyper åpne til 10. eller 17. mai. Samtidig registrerer vi at i tidligere Troms Fylke så får man avslag fra den samme fylkesmannen, det til og med før søknaden om å holde løypene åpne er behandlet. Det er varslet avslag på søknader fra blant annet Kåfjord, Nordreisa og Storfjord. Dette er kommuner som tilhører Nord Troms.
Hvorfor praktiseres regelverket ulikt innenfor samme fylke?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Innleiingsvis vil eg opplyse om at Fylkesmannen i Troms og Finnmark 7. mai 2020 sende eit brev til Klima- og miljødepartementet om det same temaet. Departementet svarte Fylkesmannen i brev 13. mai 2020.
Bakgrunnen for spørsmåla no, er at det før fylkessamanslåinga var praksis for at fylkesmannen ga dispensasjon til forlenging av opningstid for nokre skuterløyper i Finnmark. I Nord-Troms var det ikkje praksis for dette. Eg kjenner ikkje bakgrunnen for praksisen.
Fram til 2015 var det berre i Nord-Troms og i Finnmark at lova opna for snøskuter-løyper. I 2015 blei det lov til å etablere snøscooterløyper i heile landet, men dei må stengje om våren etter 5. mai. Dette er òg hovudregelen i Nord-Troms og Finnmark. Fylkesmannen kan i "spesielle tilfeller" forlenge perioden med motorferdsle etter 5. mai, jf. forskrift for bruk av motorkøyretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 9.
Stortinget var under arbeidet med regelendringa oppteken av at dei nye reglane som skulle innførast for heile landet, ikkje skulle få konsekvensar for praksis i Nord-Troms og Finnmark. Komitémerknaden i Innst. 253 L (2014-2015) lydde:

"Disse medlemmer legger til grunn at gjeldende rett vedrørende kjøring etter 5. mai i Nord-Troms og Finnmark blir videreført. Dette medfører at det ikke blir endring i dispensasjonsadgangen i Nord-Troms og Finnmark."

Departementet la vekt på formuleringane i komitéinnstillinga og presiserte derfor i eit brev til fylkesmennene i 2016 at dei nye reglane ikkje skulle verke inn på praksis for kommunar i desse fylka. Regelverket skulle verken brukast som grunnlag for å strame inn eller for å lempe praksis.
Ei vidareføring av praksis har etter det departementet har forstått, ført til at fylkesmannen har forlengja opningstida for nokre løyper i Finnmark, men ikkje i Nord-Troms fordi ei slik praksis ikkje var etablert der.
I svarbrevet til Fylkesmannen 13. mai 2020 skriv departementet at fylkes-samanslåinga gjer det naturleg å sjå på praktiseringa av regelverket på nytt. Likebehandling er grunnleggande i forvaltninga. Samtidig skal det vere mogeleg å behandle saker ulikt dersom det er sakleg grunn til det.
Kommunane i Nord-Troms og Finnmark har i lang tid vore i ei særstilling når det gjeld motorferdsleregelverket. Regelverket skil ikkje mellom kommunane i Nord-Troms og kommunane i Finnmark. Departementet skriv derfor i svarbrevet til Fylkesmannen at dei ikkje treng å skilje mellom kommunane berre på grunn av tidlegare praksis. Samtidig understrekar departementet at søknader frå kommunane skal vurderast konkret, ut frå tilhøva i kvar enkelt kommune. Våren og snøsmeltinga kan ha kome lenger i nokre delar av fylket enn i andre, og naturen er særleg sårbar på denne tida. Omsyn til naturmangfald og friluftsliv er sentralt i vurderinga. Det gjeld serleg omsynet til rein og reindrift og dyre- og fuglelivet elles.
Eg vil til slutt også påpeike at hovudregelen i Nord-Troms og Finnmark fortsatt er at snøskuterløypene skal vere stengt etter 5. mai.