Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1612 (2019-2020) Innlevert: 13.05.2020 Sendt: 14.05.2020 Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren Besvart: 26.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Lars Haltbrekken (SV): 31 mars vedtok Stortinget: «Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020 komme tilbake med forslag til hvordan det offentlige kan sette i gang utviklingskontrakter for nullutslipps hurtigbåter.» Revidert budsjett ble lagt fra 12. mai uten at dette vedtaket ble fulgt opp.Hva er regjeringens grunn til å ikke følge opp dette vedtaket i revidert nasjonalbudsjett som vedtatt?
Sveinung Rotevatn: Regjeringa har ein ambisjon om å halvere klimagassutsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. I juni 2019 la regjeringa fram sin Handlingsplan for grøn skipsfart. Handlingsplanen er innretta mot å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøyskategorier. I oppfølging av handlingsplanen har regjeringa særleg prioritert ferjer, hurtigbåtar og lasteskip. Å auke takta i omstilling til null- og lågutslepp i skipsfarten er ein viktig del av det grøne skiftet. Når dei sett krav i anbod har fylka ei særs viktig rolle i å få fram null- og lågutsleppsløysingar på hurtigbåtar. Dei fleste hurtigbåtane har kontraktar med fylka om rutetilbodet. Ei utfordring er at null- og lågutsleppsløysingar på hurtigbåtar framleis er på utviklingsstadiet. Gjennom fellessatsinga PILOT-E, eit samarbeid mellom Enova, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet, er det gitt stønad til utvikling av moglege nullutsleppsløysingar for hurtigbåtar, inkludert hydrogen og batteridrift. I alt 11 fylkeskommunar har samarbeidd om å utvikle mulige pilotløysingar for hurtigbåtar. Ein batteridreven og ein hydrogendreven hurtigbåt er under utvikling med støtte frå mellom anna Enova, og vil kunne sjøsettast i 2022-2023. For å styrke fylka i deira arbeid med å fremje null- og lågutslepp på hurtigbåtar oppretta regjeringa i 2019 ei særskilt hurtigbåtsatsing på 25 millionar kroner. Hurtigbåtsatsinga ligg under støtteordninga Klimasats, som er retta mot lokale styresmaktar. I budsjettet for 2020 vart hurtigbåtsatsinga vidareført med eit budsjett på 80 millionar til hurtigbåtprosjekt i regi av fylka. Hurtigbåtsatsinga under Klimasats har vist seg å vere ei god tilnærming for å mobilisere fylka for framtidas nullutsleppshurtigbåt. Miljødirektoratet har til no hatt to kunngjeringar retta mot hurtigbåtprosjekt. Begge kunngjeringane har vore populære. Totalt har Miljødirektoratet motteke 18 søknader, for støtte på nesten 170 millionar kroner. I første runde hausten 2019 vart 25 millionar kroner tildelt. Klimasats har allereie støtta utviklingsprosjekt i Trøndelag, der 5 ulike løysingar vart utvikla. Fylka som er involvert ønsker å gå vidare med neste steg, med meir konkret design på ulike løysingar og planlegging ved anbod. Den andre kunngjeringa under hurtigbåtsatsinga hadde frist 15. februar og blir handsama no.Nokre fylker har allereie fått tildelt midlar, men ikkje alle søknader er avgjorde. Søknadsfrist for neste runde er ikkje avklart, men blir seinast 1. september. Miljødirektoratet er i dialog med fylkeskommunane om deira planer, for å lage ei god utlysning. Det er stor etterspurnad etter midla. Det er òg signal om å ønske å arbeide med utviklingskontraktar. Miljødirektoratet er positiv til søknader som er retta mot utviklingskontraktar. Slike søknader kan få støtte så lenge det er snakk om gode prosjekt som elles fell inn under ramma for Klimasats (støtteandel, eigenandel, innanfor budsjettramma til Klimasats). Hurtigbåtsatsinga under Klimasats var allereie etablert da Stortinget ba om forslag til korleis det offentlege kan sette i gang utviklingskontraktar for nullutslepps hurtigbåtar. Satsinga er godt skodd for å syte for at det vert sett i gang utviklingskontraktar for nullutslepps hurtigbåtar. Etter mi vurdering er dette godt teke vare på under Klimasats.