Skriftlig spørsmål fra Terje Aasland (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1616 (2019-2020)
Innlevert: 14.05.2020
Sendt: 14.05.2020
Besvart: 20.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Ønsker statsråden full åpenhet om deponisaken i Brevik, i så fall hvorfor gis det ikke innsyn i NOAH sin begrunnelse for samdrift oversendt regjeringens ekspertutvalg august 2019; når ble dette dokumentet oversendt, når burde det vært journalført, og når ble det faktisk journalført?

Begrunnelse

Regjeringens ekspertutvalg konkluderte i november 2019 med å be regjeringen ikke jobbe videre med deponi i Brevik. Likevel fortsetter regjeringen å jobbe med dette alternativet. Hovedbegrunnelsen er visstnok at det burde sees videre på mulighetene for samdrift mellom deponi og gruvevirksomhet mot ønsket til konsesjonshaver Norcem og planmyndighet Porsgrunn kommune. Det er derfor viktig å ha full åpenhet om NOAH sine begrunnelser for å presse regjeringen til å forsøke å få samdrift mellom gruvevirksomhet og deponi i Brevik. Likevel har NOAH sitt skriv om dette temaet tilsynelatende inntil nylig ikke vært i postlistene, og Porsgrunn kommune har blitt nektet innsyn i dokumentet.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Klima- og miljødepartementet har fått mange råd, vurderingar og meiningar i deponisaka frå ein vid krins av avsendarar. Saka har vekt stort engasjement, og det er viktig for departementet å praktisere openheit omkring informasjon i saka, mellom anna for å sikre tillit i befolkninga. Departementet gjer derfor, som i andre saker, ei nøye vurdering av alle innsynskrav som kjem. Hovudregelen er at innsyn blir gitt, såframt ikkje andre omsyn tilseier at det bør eller må gjerast unntak frå innsynsretten i tråd med i lovverket.
Krav om innsyn i dokumentet som representanten viser til, vart avslått 24. april. Heimelsgrunnlaget vart offentleglova § 13 fyrste ledd jf. forvaltningsloven § 13 fyrste ledd nr. 2, og miljøinformasjonsloven § 11 fyrste ledd jf. offentleglova § 13 fyrste ledd jf. forvaltningsloven fyrste ledd nr. 2, då dokumentet inneheld informasjon om næringsopplysningar som av konkurranseomsyn må haldast hemmeleg. I slike tilfelle er informasjonen underlagt teieplikt etter forvaltningsloven, og dermed pliktar departementet å gjere unntak frå hovudregelen om offentlegheit. For den resterande delen av dokumentet som ikkje inneheld slik informasjon, blei det óg gjort unntak frå innsyn då berre denne delen av dokumentet aleine er eigna til å gje eit misvisande inntrykk av innhaldet elles, jf. offentleglova § 12 bokstav a og miljøinformasjonsloven § 11 tredje ledd. Departementet fann på denne bakgrunn at det skulle gjerast unntak frå offentlegheit for heile dokumentet.
Dokumentet som innsynskravet gjeld vart opphaveleg sendt Ekspertutvalet for farleg avfall. Departementet fekk saksdokumenta frå utvalet 1. desember 2019. Utvalet oppretta ikkje fortløpande journal i løpet av sitt arbeid, og av den grunn tok det noko tid å få klarheit i korleis departementet skulle sørgje for offentleggjering etter overtaking av saksdokumenta. Dokumenta blei publisert i offentleg journal 8. april 2020 under eigen organisatorisk eining med sakstittel som gjorde det synleg at ekspertutvalet vart eigar av arkivet.