Skriftlig spørsmål fra Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1646 (2019-2020)
Innlevert: 15.05.2020
Sendt: 18.05.2020
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Besvart: 02.06.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Spørsmål

Trygve Slagsvold Vedum (Sp): Vil statsråden vurdere å gi ENOVA mulighet til å bidra med virkemidler for å fremme sirkulær ressursutnyttelse av trevirke innen trebasert industri?

Begrunnelse

Mer aktiv forvaltning av skogen og bruk av trevirke i Norge er et av de mest effektive tiltakene Norge kan iverksette for å senke klimautslippene.
Det er i så måte interessant at Norges største sponplatefabrikk, Forestia, har signalisert at de ønsker å etablere Norsk senter for returtre sammen med staten. Forestia har uttrykt mål om økt industriell utnyttelse av resttre, som i dag brennes, til for eksempel i sponplateproduksjon eller andre høyverdige produkter. En slik industriell utnyttelses av resttre vil både bidra til lavere CO2-utslipp, økt norsk produksjon og flere norske arbeidsplasser.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Enova støttar allereie prosjekt innan sirkulære verdikjeder og material med låge utslepp. Det er òg noko Enova vil halde fram med. Enova støttar til dømes utnytting av spillvarme, produksjon av biogass og auka utnytting av avfallsstraumar i produksjon. Mellom anna tek REC Solar i Kristiansand med stønad frå Enova i bruk avfall i produksjonen sin, noko som reduserer behovet for jomfruelege ressursar. Enova arbeidar òg mellom anna med å vurdere berekningsmetodar for kor mykje lågare klimafotavtrykk bygg får ved bruk av klimavenlege material.
Departementet styrer Enova på eit overordna nivå, hovudsakeleg gjennom fireårige avtalar. Innanfor rammene av avtalen er det opp til Enova å prioritere mellom område, utvikle program og tildele stønad til enkeltprosjekt slik at måla kan bli nådd mest mogleg effektivt. Effektiv ressursbruk er viktig for å medverke til ein effektiv omstilling til lågutsleppsamfunnet og er noko Enova kan medverke til å setje fart på.
I tråd med den overordna styringa av Enova bør det vere opp til Enova å identifisere moglegheitene og tilpasse innsatsen.