Skriftlig spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1689 (2019-2020)
Innlevert: 20.05.2020
Sendt: 20.05.2020
Besvart: 29.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Hvor mye må enkeltutøvera i reindriftsnæringa akseptere som "sitt bidrag" for å sikre ørnebestanden?

Begrunnelse

Det er nå på nytt store dyretragedier i forbindelse med at reinen kalver. Avisene viser at denne tragedien er i alle fylker hvor vi har reindrift, men spesielt i de nordligste fylkene.
Jeg har tidligere spurt om det samme og det som har vært målet med spørsmålene er jo å få gjort bestandsmålinger slik at en får en dokumentasjon på faktisk ørnebestand i kalvingsområder for rein, eller er det akseptabelt at reineiere nå må sitte å se på at reindriftsnæringa er sterkt truet av dagens rovdyrpolitikk.
I mange områder ser en nå snart flere ørn enn måser.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Når det gjeld reindriftsnæringa, er det fleire utfordringar som spelar inn på produksjon og tap. Sjølv om det ikkje er tvil om at kongeørn og anna rovvilt tek tamrein, går det fram av forskinga, som mellom anna Riksrevisjonen viser til i sin gjennomgang av rovviltforvaltninga, at rovdyr berre er ein del av tapsbiletet. Ugunstige klimatiske tilhøve, tettleik av rein og beitegrunnlag er i større grad avgjerande for produksjon og tap, og viktigare faktorar enn rovdyr for å forklare tap av både kalv og vaksne dyr. Den største utfordringa denne vinteren har vore dei vanskelege ver- og snøforholda. Det er landbruks- og matministeren som er ansvarleg for reindrifta. Eg er kjent med at det mellom anna er gjort endringar i kriseberedskapsfondet for å sikre tilstrekkeleg tilleggsfôring av rein som no ikkje har tilgang til gode beiter.
Bestandsmåla for ulv, bjørn, gaupe og jerv er sett lågt i Noreg av omsyn til beitenæringane og den todelte målsettinga. Vidare er det av omsyn til reindriftsnæringa mellom anna slik at ynglingane av ulv skjer sør for reinbeiteområda. Eg vil også vise til at eg nyleg har lagt fram forslag for Stortinget om å flytte delar av bestandsmålet for gaupe frå Troms og Finnmark til område sør for dei samiske reinbeiteområda. Det vil også bli gjort ei ny vurdering av erstatningsordninga for tamrein teke av rovvilt. Desse tiltaka meiner eg kan bidra til å betre situasjonen for reindrifta, men det vil ikkje avhjelpe alvorlege beitekriser årsaka av vanskelege ver- og snøforhold slik vi har sett denne vinteren.
Stortinget har vedteke eit nasjonalt bestandsmål for kongeørn på 850-1200 hekkande par, noko som ved vedtaking av rovviltforliket i 2004 blei vurdert å vere ein metta bestand i Noreg. Det er Rovdata som er ansvarleg for drift av overvakingsprogrammet for rovvilt og som gjer vurderingar av storleiken på rovviltbestandane. I 2015 gav Rovdata ut ein rapport om storleiken på kongeørnbestanden basert på ein ny overvakingsmodell. Med den nye modellen blei den norske kongeørnbestanden berekna til 963 (652-1139) hekkande par i perioden 2010-2014. Dette er godt innanfor det nasjonale bestandsmålet. Estimatet er eit noko lågare bestandsnivå samanlikna med tidlegare estimat, men Rovdata har vurdert at dette truleg har samanheng med ny metodikk og ikkje ein reell reduksjon av bestanden. Vi har altså ikkje kunnskap som tyder på at det har skjedd vesentlege endringar i kongeørnbestanden dei seinare åra. I tillegg til at kongeørna er ein totalfreda art er det altså ikkje rom for nokon større reduksjon av bestanden innanfor det bestandsmålet Stortinget har vedteke.
Stortinget har vedteke ei todelt målsetting der vi skal ha både beitenæring og rovvilt. Dette er i utgangspunktet omsyn det er vanskeleg å sameine, og det er ikkje til å kome i frå at det vil vere noko tap av beitedyr til rovvilt. Forvaltninga si oppgåve er å gjere konflikten so liten som mogleg. Ei rekke tiltak er sett i verk av omsyn til både rovvilt og beitenæring. Til dømes har vi ei soneforvaltning der rovdyr og beitedyr blir prioritert i ulike område. Vidare har vi ei god tilskotsordning til beitebrukarar som ønskjer å gjere førebyggjande tiltak. Årleg blir det gjort uttak av rovdyr med mål om å forvalte bestandane so nær bestandsmåla som mogleg og beitebrukarane har rett på full erstatning for påviste og sannsynlege tap til rovvilt.
Det er allereie i dag heimel for Fylkesmannen til å gje løyve til skadefelling av kongeørn i spesielle situasjonar. Mellom anna er det stilt krav om at skadegjerande individ kan bli identifisert. Vilkåra er sett mellom anna fordi ein meiner det ikkje vil gje nokon særleg tapsreduserande effekt å skyte tilfeldige individ i kongeørnbestanden. Skadefelling er ikkje eit bestandsregulerande verkemiddel, men skal vere retta mot eit konkret individ som gjer større skade.
I område der det blir observert mykje ørn er det ofte også eit større innslag av havørn. Det er ikkje uvanleg at det blir observert talrike havørnflokkar med fleire titals individ. Talet på havørn har auka betydeleg i Noreg, og det er godt kjent at havørn nyttar kadaver av både rein og andre artar. Eg er kjent med at reindrifta meiner havørna også er ein betydeleg skadevoldar på tamrein, men det ligg ikkje føre dokumentasjon som kan bekrefte at dette er tilfelle. Eg meiner det er viktig å gjere meir for å undersøke og avklare dette spørsmålet, og ønskjer å få på plass vitskaplege undersøkingar der også havørna sin påverknad på reindrifta blir del av forskingsprosjektet. Vidare er det uklart kva som gjer at skadeomfanget varierer relativt mykje mellom ulike område og år, og om det eventuelt kan vere andre årsakssamanhengar ein ikkje kjenner godt nok til i dag. Det er difor fleire problemstillingar eg meiner forskinga bør undersøke nærmare før det eventuelt blir vurdert å gjere endringar i føresegna om skadefelling av kongeørn. Eg håpar det lukkast raskt å få på plass eit forskingsprosjekt i den nordlegaste landsdelen.