Aud Hove (Sp): Meiner statsråden det er rimeleg at kinoar utan eige organisasjonsnummer, men som har tilbod på line med kinoar med organisasjonsnummer, risikerer å falle utanfor ordninga, og kva vil statsråden gjere for å rette opp i denne skeivheita?
Begrunnelse
På lik line med andre bransjar er kinobransja også hardt ramma av koronatiltaka. Det viser seg at kompensasjonsordninga for kultursektoren slår svært uheldig ut ved at berre nokre av kinoane kan søkje støtte da eitt av vilkåra for å søkje er krav om organisasjonsnummer.
Som eit døme får Hamar Kino og Gjøvik Kino, som er kommunale KF, kompensasjon, medan Lillehammer Kino, som også er kommunalt men utan eige organisasjonsnummer, ikkje blir kompensert.
Desse tre kinoane er veldig like i størrelse. Ved å bruke organisasjonsnummer som krav for at kinoen kan få støtte utelukkar ein brorparten av norske kinoar. Resultatet er at det er dei store kinoane i sentrale strøk som får støtte, medan dei mindre kinoane i distrikta ikkje får moglegheit til å søkje. Fram til no har ca. 40 av 205 kinoar fått støtte.