Skriftlig spørsmål fra Emilie Mehl (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1895 (2019-2020)
Innlevert: 11.06.2020
Sendt: 12.06.2020
Besvart: 19.06.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Emilie Mehl (Sp)

Spørsmål

Emilie Mehl (Sp): Miljødirektoratet avslo skadefelling av en bjørn som jaget og tok rein i beiteprioritert område 9. juni, midt i kalvingstiden. Årsak var at bjørnen inngår i et forskningsprosjekt i Sverige, som gjennomføres av NINA. At forskning i utlandet betalt av Norge brukes for å hindre skadefelling i beiteområder er en ny og uakseptabel forvaltningspraksis, i strid med den todelte målsettingen i rovviltforliket.
Vil statsråden stoppe en slik praksis, slik at det gis fellingstillatelse på bjørn som herjer i beiteområder midt i kalvingstida?

Begrunnelse

9. juni ble det observert en bjørn som jaget rein i Svahken sitje (Elgå reinbeitedistrikt), og skade på reinkalv er dokumentert. Dette er et sårbart beiteprioritert område for rein, som nå er midt i kalvingstiden, og søknad om skadefelling ble straks sendt. Søknaden ble avslått fordi bjørnen inngår i et forskningsprosjekt hos NINA som gjennomføres i Sverige tett mot den norske grensen, men betales av Norge. Når forskning i utlandet betalt av Norge brukes som argument for å ikke ta ut skadedyr i beiteprioriterte områder innfører Miljødirektoratet en ny og uakseptabel forvaltningspraksis. Bjørnen kunne ikke bedøves og flyttes til Sverige på grunn av strengt regelverk. I stedet besluttet Miljødirektoratet å flytte den over grensen ved hjelp av skremming med helikopter. Denne metoden innebærer risiko for betydelig stress og skade på reinsdyrene som befinner seg i områder bjørn jages gjennom.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Frå 1. juni er det fylkesmannen som har mynde til å treffe avgjerder om skadefelling av rovvilt. Som representanten skriv vart det observert ein bjørn i Elgå reinbeitedistrikt 9. juni i år. Same dag fekk Fylkesmannen i Innlandet inn ein søknad om felling av bjørnen frå reinbeitedistriktet. På det tidspunktet var det ingen påviste skadar årsaka av bjørn, men det vart vist til at tamrein vart jaga av bjørnen.
Ved vurderingar av skadefelling er forvaltninga plikta til å vurdere om det finns andre tilfredsstillande løysingar. Ettersom det var mistanke om at bjørnen var radiomerka i regi av eit forskingsprosjekt i Idre, vart Miljødirektoratet kontakta for vurdering av moglegheita for å skremme bjørnen ut av området. Det vart slått fast at bjørnen var radiomerka i samband med eit forskingsprosjekt om brunbjørn sin predasjon på reinkalvar i regi av Norsk institutt for naturforsking (NINA).
Miljødirektoratet vurderte det som aktuelt å gjere forsøk på å skremme bjørnen ut av området og inn mot grensa til Sverige, og Statens naturoppsyn (SNO) fekk oppdraget. Forsøket på å skremme bjørnen ut av området vart gjennomført seint kveld/natt til 11. juni. Reindrifta var med under forsøket på skremming, for å bidra til å ivareta omsynet til tamrein med kalv i området. Siste observasjon av bjørnen var når den passerte grensa til Sverige. Fylkesmannen i Innlandet gav avslag på søknaden til reinbeitedistriktet om felling av bjørn, mellom anna med grunngjeving i at regelen i rovviltforskrifta § 9 om skadefelling seier at Fylkesmannen pliktar å vurdere andre tilfredsstillande løysingar enn felling.
Fredag 12. juni returnerte bjørnen til området, og reinbeitedistriktet søkte på ny om fjerning/felling av bjørn. Det vart vurdert at nytt skremmeforsøk ikkje var eigna, men SNO fekk i oppdrag å ta seg inn i området for å få informasjon om eventuelle skadar. I løpet av måndag 15. juni vart det dokumentert to rein tatt av bjørn, og Fylkesmannen i Innlandet handsama saka og gav løyve til felling av bjørnen.
Denne saka kan klagast på innan klagefristen på tre veker, og eg vil derfor ikkje kommentere denne saka spesifikt. På eit generelt grunnlag vil eg likevel seie at forvaltninga er forplikta til å vurdere moglegheita for å gjennomføre andre tilfredsstillande løysingar når dei vurderer skadefelling av rovdyr. Dette vert gjort for å sikre at ein ikkje feller rovdyr unødig. Å prøve ut andre moglege løysingar enn felling er altså i utgangspunktet ein riktig framgangsmåte.