Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1913 (2019-2020) Innlevert: 14.06.2020 Sendt: 15.06.2020 Besvart: 22.06.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide
Jenny Klinge (Sp): Omtrent heile samfunnet deltek i dugnaden som er nødvendig etter koronakrisa, men det er lange ventelister for å ta førarkort. Ungdommar som tenkte å ta lappen på moped og bil før sommaren for å koma seg på sommarjobb, er fortvilte fordi Statens Vegvesen attpåtil skal halde sommarstengt. Er det ikkje mogleg å sørgje for - bokstaveleg talt - å halde hjula i gang også i sommar for raskare å få unna køane for å ta førarkort?
Knut Arild Hareide: Statens vegvesen tek sin del av dugnaden i koronakrisa. Som store delar av samfunnet måtte og Statens vegvesen stenge trafikkstasjonar og publikumstenester frå 12. mars. Fordi Statens vegvesen har kome langt med å digitalisere sine tenester kunne mange tenester likevel halde fram og for andre tenester blei det raskt vedteke særlege reglar. Teoriprøver og praktiske førarprøver hos Statens vegvesen var likevel stengt i ein periode, likeins med trafikkopplæring hos trafikkskulane. Aktiviteten er gradvis teke opp att, og frå 11. mai kunne trafikkskulane igjen drive opplæring i alle klassar med smittevernkrav. Frå 13. mai har Statens vegvesen igjen hatt førarprøver i alle førarkortklassar. Eg har stor forståing for at det er mange som er utolmodige etter å få førarkort som dei treng til jobb, skule eller andre aktivitetar, og Statens vegvesen bruker nå alle tilgjengelege ressursar til å gjennomføre førarprøver. Prøver blir somme stader gjennomført både med overtid på ettermiddagar og på laurdagar ved behov. Statens vegvesen opplyser at dei sidan starten og fram til 13. juni har gjennomført om lag 14 000 praktiske førarprøver, av dei om lag 9000 i klasse B. For teoriprøver har smittevernkrav til avstand og tal på kandidatar i teoriprøvelokale gitt lågare kapasitet, men det blir no gjennomført fleire teoriprøver enn på same tid i fjor. Det er mange kandidatar som ynskjer å gjennomføre førarprøven og det vil framleis vere stor pågang i vekene framover. Statens vegvesen opplyser at dei har tilpassa ferieavviklinga, slik at dei kan ha mange prøver også i perioden for ferieavvikling i juli og første halvdel av august. Dei vil ha praktiske prøver sjølv om trafikkstasjonane somme stader er stengt i periodar av sommaren. Det er likevel slik at og dei tilsette i Statens vegvesen har krav på sommarferie, og Statens vegvesen må ta omsyn til at ein del sensorar er i risikogruppe for korona. Det vil difor ta tid før situasjonen igjen er normalisert, noko eg meiner det bør vises forståing for i ei slik alvorleg krise som vi no opplever i samfunnet.