Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Meiner statsråden at det er fornuftig beredskapstenking å ta mot reaktordrivne ubåter i Grøtsund havn som er så nær det største sjukehuset i Nord-Noreg, og dermed gå imot det klare rådet frå kommunestyret i Tromsø?
Begrunnelse
Tromsø har blitt pålagt å ta mot reaktordrevne ubåtar til Grøtsund havn. Denne havna ligg nært bysentrum og nært det største sjukehuset i Nord-Noreg. Dersom det skulle bli ei ulykke med ein av desse ubåtane medan dei ligg til havn i Tromsø eller under innsegling eller utsegling til hamna er det ikkje usannsynleg at sjukehuset vil vere i eit område som blir ramma av radioaktivitet og dermed ikkje vil kunne fungere og ta mot pasientar som treng hjelp, anten på grunn av ulykka eller av andre grunnar.