Skriftlig spørsmål fra Kari Elisabeth Kaski (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2035 (2019-2020)
Innlevert: 24.06.2020
Sendt: 24.06.2020
Besvart: 01.07.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Kari Elisabeth Kaski (SV)

Spørsmål

Kari Elisabeth Kaski (SV): I svar fra Finansdepartementet til SV i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, saksnr.: 20/3391 kommer det fram at det er solgt 35 millioner liter biodrivstoff utover det Miljødirektoratet rapporterte 20. mai 2020.
Hvor mye av dette biodrivstoffet (de 35 millioner liter) er basert på palmeolje?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Tala som Finansdepartementet viser til i sitt svar, er henta inn av Skatteetaten. Desse er høgare enn Miljødirektoratet sine tal. Årsaka er at det er to selskap som ikkje har rapportert til Miljødirektoratet i 2019. I tillegg var tala som blei lagde fram av Skatteetaten i januar førebelse.
Tala frå Skatteetaten skil berre på konvensjonelt og avansert biodrivstoff, og ikkje på ulike råstoff. I følgje desse tala blei det selt 641 mill. liter biodrivstoff i 2019. Av desse var 243 mill. liter avansert og 398 mill. liter konvensjonelt biodrivstoff. Ifølgje tala Miljødirektoratet la fram 20. mai, blei det rapportert 606 mill. liter biodrivstoff i 2019. Av desse var 230 mill. liter avansert og 375 mill. liter konvensjonelt biodrivstoff.
Palmeolje kvalifiserer som konvensjonelt råstoff saman med andre oljevekstar som til dømes raps, soya og solsikke. Med bakgrunn i tala over, stod konvensjonelt råstoff for maksimalt 23 mill. liter meir enn rapportert til Miljødirektoratet.