Skriftlig spørsmål fra Kjell-Børge Freiberg (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2074 (2019-2020)
Innlevert: 26.06.2020
Sendt: 29.06.2020
Besvart: 07.07.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Spørsmål

Kjell-Børge Freiberg (FrP): Kan statsråden gi en oversikt over hvilke engasjement Norge deltar i på internasjonalt nivå og hvilke beløp som brukes for å bekjempe spredning av plast og/eller rydde opp plastforurensing i hav/vann, samt om det er ytterligere initiativ på gang?

Begrunnelse

Med FrP i regjering ble det opprettet et Senter for Oljevern og Marint Miljø, lokalisert i Lofoten. Det er et godt og viktig tiltak for å ivareta viktige miljøverdier og synliggjøre ansvaret Norge har som sjøfartsnasjon og med vår lange kystlinje. Kampen mot plast i havet anses som spesielt viktig, og FrP mener det er et arbeid som må ha høy prioritet.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Internasjonalt arbeid for å redusere plastforureining er høgt prioritert av regjeringa. Noreg har teke initiativ til ein ny global avtale mot marin forsøpling og mikroplast i tråd med regjeringserklæringa frå Granavolden. Sidan 2014 har Noreg arbeidt systematisk med å setje denne saka på den globale dagsordenen i FN. Dette er gjort ved å skape forståing for at det er eit globalt miljøproblem som krev handling, bidra til å byggje opp det globale kunnskapsgrunnlaget ved å be FN kartleggje manglar i det gjeldande rammeverket og tydeleggjere behovet for å styrkje det globale styresettet mot marin forsøpling. Vi ynskjer eit ambisiøst utfall på FNs miljøforsamling i 2021.
Noreg jobbar òg aktivt for å styrkje regionalt og globalt arbeid som er relevant for å hindre marin forsøpling under etablerte institusjonar. Noreg stod blant anna bak vedtak om endringar i Baselkonvensjonen om avfall i fjor som vil hjelpe til meir miljøvennleg handtering av plastavfall som blir eksportert. Vi har bidratt til å få plass ein handlingsplan i FNs internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO) som vil redusere marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast frå skip, og her er Noreg er ein sentral aktør i gjennomføringa. Noreg sit dessutan i styringsgruppa for den globale partnarskapen mot marin forsøpling under FNs miljøprogram. Noreg deltek aktivt i det regionale havmiljøsamarbeidet mellom landa rundt Nordaust-Atlanteren under OSPAR-konvensjonen og ser nå på korleis vi kan bidra til å styrkje samarbeidet. Noreg er aktivt med i det arktiske samarbeidet, mellom anna i utarbeiding av ein handlingsplan mot marin forsøpling. Marin forsøpling er eit viktig tema i nordisk samarbeid og i samarbeid med EU. Noreg har òg bilaterale samarbeid med ein rekkje land innan marin forsøpling.
I tillegg har Noreg slutta seg til G7-gruppen sitt Plastics Charter under Canadas formannskap i 2018 og forplikta seg til å jobbe for ein meir ressurseffektiv bruk av plast saman med ei rekkje leiande land, selskap og organisasjonar i sivilsamfunnet. I 2019 slutta vi oss òg til G20s rammeverk mot marin forsøpling lansert av Japan under formannskapet deira. Rammeverket "Osaka Blue Vision" følgjer opp G20s ambisjon om å stanse tilførsle av plast til havet innan 2050.
Til internasjonalt arbeid har regjeringa forplikta 1,6 milliardar kroner til eit program for utviklingssamarbeid for å hindre marin forsøpling og mikroplast. Det blei utbetalt 236 millionar kronar til 34 prosjekt i fjor. Programmet skal hjelpe til å styrkje handteringa av plastavfall i partnerland, rydje opp avfall i utvalde elvar og kystområde, hjelpe til meir berekraftig produksjon og forbruk i privat sektor i tillegg til å styrkje globale forpliktingar. Noreg støttar òg FN sitt miljøprogram og deira arbeid med å hindre marin forsøpling gjennom vårt kjernebidrag til organisasjonen.
Regjeringa vil vidare revidere den nasjonale plaststrategien i 2020. Strategien vil omhandla både nasjonalt og internasjonalt arbeid for å redusere plastforureining.