Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2121 (2019-2020)
Innlevert: 30.06.2020
Sendt: 30.06.2020
Besvart: 02.07.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva midlar treng Avinor for å dekke drifta av sivil luftfart ved Andenes Lufthamn og er det Avinor som skal stå for vedlikehaldet samt dekke kostnadene ved å oppretthalde full rullebanelengde med tilhøyrande flyoperative flater, slik det er skrive inn frå regjeringa i Prop 151S?

Begrunnelse

Stortinget vedtok ved handsaminga av Prop 151S (2015-2016) at rullebana ved Andenes Lufthamn skal vere i operativ stand for å støtte verksemda ved Andøya Space Center. Fire år har gått sidan vedtaket vart gjort, utan at det er kjent korleis dette skal finansierast. Forsvarsministeren antyda i Vesterålen Online, 8. mai 2020, at Avinor skal vere økonomisk ansvarleg for store deler av det som per i dag er militært område og som no vert drifta over Forsvaret sine budsjett.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg har tidlegare svara på eit tilsvarande spørsmål frå stortingsrepresentanten Wilfred Nordlund (spørsmål til skrifteleg svar nr. 1873).
Andøya lufthamn er i dag ei militær lufthamn med ein sivil del (terminalen) som Avinor har ansvaret for. Det er dialog mellom Forsvarsdepartementet og Samferdselsdepartementet om å gjere lufthamna om til ei ren sivil lufthamn. Føringane frå Stortinget i Prop. 151 S (2015–2016) og Innst. 62 S (2016–2017) blir lagde til grunn for dette arbeidet. Dette inneber at infrastrukturbehovet for Andøya Test Center (ATC) skal varetakast, medrekna at det skal sikrast ei rullebanelengde som gjer det mogleg for ATC å basere drifta si på at store fly framleis kan lande på Andøya.
Det er naturleg at lufthamna blir ei rein sivil lufthamn under Avinors ansvarsområde når Andøya flystasjon blir lagd ned. Når Avinor får nye oppgåver, er det ansvaret mitt, som forvaltar av den statlege eigarskapen i Avinor, å sikre at det er samsvar mellom dei oppgåvene selskapet har ansvaret for og rammevilkåra for selskapet. Som kjent har Covid 19-pandemien ført til alvorlege konsekvensar for luftfarten og Avinor. For å avhjelpe situasjonen i Avinor vart det i revidert budsjett 2020 løyvt opp mot fem milliardar kroner i støttetiltak til selskapet, jf. Prop. 117 S (2019-2020) og Innst. S 360 (2019–2020). Utviklinga i luftfarten og den økonomiske situasjonen i Avinor er noko eg vil følgje tett i tida som kjem.
Eg har tidlegare vore i kontakt med forsvarsministeren om denne saka. Han kjenner seg ikkje att i utsegna, som er attgjeven i grunngjevinga for spørsmålet, om at Avinor skal overta det økonomiske ansvaret for store delar av det som i dag er militært område rundt flyplassen.