Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2333 (2019-2020)
Innlevert: 19.08.2020
Sendt: 19.08.2020
Besvart: 24.08.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan samferdselsministeren forsikre at han ikkje vil endre strukturen på dei regionale lufthamnene utan at initiativet til strukturendringar kjem frå regionane sjølve og vil han auke kjøp av flyruter frå Widerøe for å oppretthalde det viktige kollektivtilbodet kortbanenettet utgjer for store deler av kyst-Noreg?

Begrunnelse

Eit såkalla ekspertutval har tilrådd at fleire regionale lufthamner vert lagde ned og sentraliserte til større og meir «konkurransedyktige» lufthamner. Det vert gjort eit poeng av at lufthamnene ikkje går med overskot. Det gjer heller ikkje togtilbodet i Noreg. Dessutan vart desse lufthamnene bygde for å skape utvikling og vekst i distrikta, noko som i neste omgang har vist seg å vere lønsamt for samfunnet.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Det er ikkje på regjeringa sin agenda å leggje ned regionale lufthamner. Regionale lufthamner er ein føresetnad for eit svært viktig kollektivtilbod for folk i distrikta. Dei regionale lufthamnene legg dessutan godt til rette for å utvikle og ta i bruk elektriske fly framtida.
Luftfarten er inne i ei alvorleg krise og det har derfor vore viktig for regjeringa å setje inn tiltak for å sikre flytilbod over heile landet. Sida 25. mars har Samferdselsdepartementet kjøpt eit minstetilbod av flyruter. Inneverande avtale varer ut september. Samstundes ser vi ei usikker marknadssituasjon også i tida som kjem.
Luftfart er som kollektivtilbod å rekne i store delar av Noreg, og det skal vere godt anten ein bur midt i Oslo eller i Vesterålen. Eit for dårleg tilbod på kortbanenettet bekymrar meg og eg vil følgje situasjonen tett vidare. Regjeringa vurderer fortløpande kva for tiltak og verkemiddel som er best eigna for å sikre eit godt regionalt og nasjonalt flytilbod, både i næraste framtid og på lengre sikt.