Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2335 (2019-2020)
Innlevert: 19.08.2020
Sendt: 20.08.2020
Besvart: 27.08.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan forsvarsministeren leggje fram ei oversikt over talet på soldatar og besette stillingar i kvart HV-distrikt, per dags dato?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Heimevernet har ei dekningsgrad på 90,43 prosent i styrkestrukturen som er på om lag 40 000 soldatar. Forsvaret arbeider kontinuerleg med å fylle opp styrkestrykturen med riktig kompetanse. Dette gjeld både for personell frå fyrstegongstenesta og heimevernsbefal. Styrkestrukturtala på soldatar og besette stillingar i dei einskilde HV-distrikta er gradert informasjon. Dersom representanten ønskjer det, kan tala sendast på anna eigna måte.