Kjersti Toppe (Sp): Vil helseministeren gripe inn ovanfor dei regionale helseføretaka og syte før ein endra kommunikasjonspraksis slik at generell og ikkje-personsentitiv informasjon av samfunnsmessig karakter kan og bør formidlast til pressa og offentlegheita?
Begrunnelse
Sturla Dyregrov har i Bergens Tidende omtalt det som oppfattast som eit kommunikasjonsproblem ved Haukeland universitetssykehus, der sjukehuset kommunikasjonsavdeling ikkje forstår verdien av å samarbeide med mediene for å formidle viktig folkeopplysning, spesielt under koronapandemien. Helse Vest viser på si side til teieplikta og personvernomsyn, og har til dømes nekta å oppgi om den første pasienten innlagt med korona var heimehøyrande i Vestland fylke, eller oppgi kjønn, alder, tilstand, eller om pasienten hadde vore i utlandet. Høgres helsepolitiske talsperson Sveinung Stensland, støttar i BT kritikken frå Dyregrov, medan Helse Vest og Haukeland Universitetssjukehus sine kommunikasjonsdirektørar ikkje vil stille til intervju men skriv lesarbrev der dei held fast på sin praksis.
Spørsmålet er om helseministeren støttar den mediestrategien og praksisen som Helse Vest og andre helseføretak har lagt på seg på, eller om helseministeren vil gripe inn og syte før at praksisen vert endra slik at ikkje- teiepliktig og samfunnsnyttig informasjon, spesielt i krisesituasjonar som ein pandemi, både skal tillatast og tilstrebast.