Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2380 (2019-2020)
Innlevert: 23.08.2020
Sendt: 24.08.2020
Besvart: 02.09.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden løyse situasjonen på RV 13 Rødsliane på ein like effektiv måte som rassikring ved RV 13 Tysdalsvatnet (Svotunnelen) blei løyst under førre regjering?

Begrunnelse

Sidan regjeringsskiftet i 2013 har distriktsvegen RV 13 frå Tau og vidare innover Ryfylke fått lite merksemd og løyvingar frå stortingsfleirtalet.
For nokre år sidan oppstod det ein akutt rassituasjon ved Tysdalsvatnet. Det skjedde ei tragisk dødsulykke. Regjeringa tok då tak i saka og ny tunnel kom på plass på rekordtid.
No er det ein akutt rassituasjon på RV13 Rødsliane. Det er akutt behov for å komme i gang med rassikringprosjektet. Håpet er at statsråden kan lære noko av den handlekrafta som ble vist då Svotunnelen blei vedteken og bygd.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: stor forståing for den utryggleiken som befolkninga rundt rasutsette område opplever. Å ikkje kunne kjenne seg trygg, når ein køyrer til jobb eller sender barna med skulebussen, er dessverre kvardagen for mange familiar landa rundt. I sommar har Riksvei 13 i Suldal hatt tre ras, som har forsterka denne utryggleiken for lokalsamfunnet og forbireisande. Eg har sjølv snakka med bebuarar i området.

Tiltak på rasutsette område følgjer både ein finansieringsplan og ein prioriteringsplan, som regjeringa er oppteken av å følgje opp. I tillegg har regjeringa denne våren løyvt ytterlegare midlar til utbetringar og vedlikehald langs vegnettet. Dette gir heldigvis høve for å forsere mindre skredssikringstiltak på rv 13 i Suldal i form av overvaking, reinsking, bolting og fangnett. Statens vegvesen opplyser overfor meg at dei no er i gong med sikring av skredområdet. Fangnett vil bli montert ca. primo oktober 2020. Reinsk blir utført før montering av fangnett.

Skredutsette punkt på vegnettet blir kategoriserte i klassene høg, middels og låg ut frå ei vurdering av skredproblemet, trafikkforhold og stengningar. På strekninga Lovraeidet-Rødsliane i Suldal kommune er det skildra fire skredpunkt, to i kategorien høy og to i kategorien middels. Ut over dette har Suldal kommune fleire skredpunkt i kategorien låg. Skredpunktet Rødsliane er skredpunktet i Rogaland med høgast skredfaktor.

Som kjend, går regjeringa sitt arbeid med å utarbeide stortingsmeldinga om NTP 2022-2033 føre. Førebels er det for tidleg å seie kva vegstrekningar som vil bli prioriterte etter 2022, inkludert det som gjeld rasutsette strekningar.