Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til distrikts- og digitaliseringsministeren

Dokument nr. 15:2410 (2019-2020)
Innlevert: 26.08.2020
Sendt: 26.08.2020
Besvart: 02.09.2020 av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at dei distriktspolitiske konsekvensane av regjeringa sine reformer er utgreidde etter utgreiingsinstruksen før dei vart gjennomførte, og i så fall, gjere greie for om resultatet av utgreiingane viste at reformene kunne påverke folketalsutviklinga i mange distriktskommunar negativt?

Begrunnelse

Statistisk Sentralbyrå la nyleg fram nye tal for folketalsutviklinga i Noreg, samt framskriving av utviklinga til 2050. Det er dyster lesnad for mange distriktskommuar. Tala for 2019 er nær dei same som då den raudgrøne regjeringa overtok etter Høgre i 2005.
I 2005 hadde 116 kommunar folketalsvekst, 249 hadde nedgang. Og det vart av mange slått fast som ei sanning at denne utviklinga ville halde fram dei komande åra. Men i 2013, etter åtte år med Senterpartiet i regjering og i leiinga av dåverande Kommunal og regionaldepartementet var tala snudd på hovudet: 255 kommunar hadde folketalsvekst, 112 hadde nedgang. Ei god utvikling for mange distriktskommunar som kunne ha halde fram med ein offensiv distriktspolitikk. Etter at Høgre har hatt statsministeren og styrt landet att i sju år viser tala at Noreg i 2019 er attende om lag på same nivå som i 2005: berre 128 kommunar hadde folketalsvekst, 291 hadde nedgang. Høgre har med andre ord greidd å snu den positive utviklinga mange distriktskommunar hadde opparbeidd gjennom åtte år med Senterpartiet og raudgrøn regjering. Endra inntektsystem for kommunane i distrikta sin disfavør, kommune- og regionreformer, sentralisering av samferdslemidlar, sentraliseringsreformer innan politi og andre statlege sektorar, kutt i regionale utviklingsmidlar og kommunale næringsfond er berre nokre av sentraliseringsgrepa frå Høgre, først i regjeringssamarbeid med FrP, deretter Venstre og KrF. Det er interessant å få statsråden sitt syn på dei tydelege utviklingstrekka som tala frå SSB syner, og kva ho vil gjere for å snu den negative folketalsutviklinga distrikts-Noreg har under dagens regjering.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Samfunnsutfordringar er grense- og sektoroverskridande, og i stadig endring. Også moglegheitene for å gjere noko med dei er i endring, i takt med mellom anna teknologisk utvikling. Samstundes må vi ha ei effektiv og målretta forvaltning som gjer at vi kan bruke ressursane på dei tenestene og tiltaka vi ønskjer å utvikle, og ikkje på administrasjon. Difor er offentlege reformer både naudsynte og viktige.
Vesentlege distrikts- og regionalpolitiske verknader er alltid omsyn som blir tatt med i vurderinga når regjeringa skal ta avgjerd i konkrete saker. Som hovudregel inneber det å leggje vekt på fordelingsverknader av tiltak som indirekte eller direkte påverkar tilgang på tenester eller utvikling i arbeidsplassar i ulike delar av landet. Reformene har som føremål å betre tilgang og kvaliteten på dei offentlege tenester innanfor tilgjengelege ressursrammer i alle delar av landet, gjennom auka digitalisering og styrking av kompetanse, eller auke omfanget på investeringar. Isolert vil dette bidra til å styrke grunnlaget for ei positiv utvikling i folketal i alle delar av landet. Det er likevel krevjande å vurdere korleis reformtiltak påverkar utvikling i folketal, fordi demografiske faktorar spelar ei stor rolle. I svar på spørsmål nr. 2411 er det gjort greie for dei viktigaste faktorane som påverkar denne utviklinga. Som det framgår her, er det særleg lågare innvandring og låge fødselstal som forklarar mykje av utviklinga i folketalet i mange distriktskommunar dei siste åra.
Grunnlaget for at folk skal bu i heile landet, er at dei har ein jobb å gå til. Difor prioriterer regjeringa gode vilkår for næringslivet. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for auka verdiskaping i næringslivet. I mange små kommunar er det difor viktig å stimulere til vekst i privat sektor. Regjeringa har såleis redusert selskapsskatten frå 28 til 22 prosent og redusert formueskatten. Dette fører til at norsk næringsliv i heile landet styrkjer sin konkurransekraft, og kan skape trygge arbeidsplassar i by og bygd.
God infrastruktur er også heilt avgjerande for at næringslivet skal få varer til marknaden, og for at folk skal kome seg til jobb, skule og fritidsaktivitetar. I vår regjeringsperiode har vi auka samferdslebudsjettet med 80 prosent. Meir pengar til investeringar og vedlikehald av veg og bane gir oss større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Fleire kan bu i distrikta og få tilgang til ein større og meir variert arbeidsmarknad.
Høghastigheits breiband reduserer avstandar og gir nye moglegheiter for folk og næringsliv i distrikta. I år vil regjeringa bruke rekordhøge 406 millionar kroner til utbygging av breiband. Massiv utrulling av breiband sørger for at så og seie heile Noreg har grunnleggjande breibandstenester.
Alle desse faktorane er heilt avgjerande for at folk skal kunne bu og verksemder kunne vidareutvikle seg i dei levande og attraktive lokalsamfunna som vi har i heile landet.