Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2442 (2019-2020)
Innlevert: 28.08.2020
Sendt: 28.08.2020
Besvart: 04.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Er statsråden enig i at mest effektive virkemidler må kunne tas i bruk omgående når det er gitt fellingstillatelse i en slik situasjon som har oppstått i Sør-Fron; på hvilken måte vil statsråden nå bidra til at felling av ulv kan gjennomføres raskt og mest mulig effektivt, og vil statsråden for øvrig sørge for en god og løpende dialog med kommunen om dette umiddelbart?

Begrunnelse

Per nå er det flere ulv enn det kvotene tilsier, som er til stor belastning for beitebrukere i beiteprioriterte områder som i Sør-Fron. I de to foregående jaktsesongene har rovviltnemndene vedtatt større kvoter enn sekretariatet har foreslått. Deretter har Klima- og miljødepartementet overprøvd vedtakene, og vedtatt de opprinnelige kvoteforslag fra Fylkesmennene. Dette gjør det desto mer kritisk å få tatt ut de ulvene det er gitt fellingstillatelse på. Rovdyrforvaltning er kostbart både for de med store tap av beitedyr og de som jobber i forvaltningen. Sør-Fron kommune har nå ulv med stående fellingstillatelse i sine fjellområder, der det tar en hel dag å ta seg inn i området. Kommunen mener det er behov for bruk av helikopter og kanskje ytterligere virkemidler for å få en mer effektiv jakt, men er avhengig av å bli møtt med dialog for å effektivisere jakta. Det er blant annet helikopter og varmesøkende kamera som er aktuelle tiltak og som kan lette den akutte situasjonen de bøndene som er rammet står i. Kommunen har ennå ikke fått svar på sin henvendelse om å få et møte om saka. Tid er kritisk for alle berørte parter i saka.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: I midten av august i år gav Miljødirektoratet avslag på søknad om bruk av helikopter i samband med skadefelling av ulv i mellom anna Sør-Fron kommune. Dette vedtaket er påklaga av kommunen og klagen er sendt over til Klima- og miljødepartementet for endeleg behandling. Eg vil ikkje kommentere denne saka direkte, men kome med nokre generelle vurderingar om bruk og nytte av verkemiddel i samband med skadefelling av rovvilt.
Når vedtak om felling av rovvilt er fatta, har vi alle interesse av at uttaket skjer so raskt som mogeleg. Vi veit også at det kan vere vanskeleg å felle rovvilt, særskilt på barmark. Generelt er eg einig i at dei mest effektive verkemidla innanfor dei rammene som gjeld skal nyttast når ein forsøker å effektuere skadefellingsforsøk. Det er likevel nokre punkt knytt til dette som eg vil omtale under.
For det fyrste kan det vere ulike meiningar om kva som blir sett på som effektive verkemiddel under fellingsforsøk. Eg meiner det er viktig at vi legg den beste kunnskapen til grunn. Fleire fellingslag og Statens naturoppsyn har over mange år opparbeidd seg ei stor kompetanse om skadefellingsforsøk. Basert på denne kompetansen er det utarbeidd ei rettleiing. I denne rettleiinga vert det gått gjennom ulike sider ved fellingsforsøk, inkludert ulike fellingsmetoder og verkemiddel. Eg meiner at fellingslaga bør bruke denne rettleiinga i sitt arbeid, og eg meiner det vil bidra til å effektivisere skadefellingsforsøk.
Når det gjeld bruk av helikopter kan det vere eit effektivt verkemiddel for eksempel ved skadefellingsforsøk om vinteren eller tidleg på våren i område med gode forhold for sporing i snø. På eit generelt grunnlag er bruk av helikopter derimot eit lite eigna verkemiddel ved fellingsforsøk på barmark.
For det andre er det viktig at verkemidla skal vere innanfor human jaktutøving. Ein kan altså ikkje forvente at inhumane fellingsmetoder eller verkemiddel kan nyttast sjølv om dei kunne ha auka effektiviteten på fellingsforsøka. Til dømes kan langvarig jaging av rovdyr frå helikopter eller med hund vere skadeleg og ikkje vareta omsynet til human jaktutøving.
Når det gjeld dialogen med kommunane vil eg fyrst nemne at eg forutset at det er god dialog mellom kommunane og fylkesmennene i forvaltninga av rovvilt. Spørsmål frå kommunane til departementet skal sjølvsagt også svarast på, men det er fylkesmennene som har den operative sakshandsaminga. Elles forutset eg at kommunane og fellingslaga er godt kjent med rettleiinga nemnt over.