Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden bekrefte at det ikkje er naturleg med vindkraftturbinar i Nordhordlandsfjella ut i frå det som regjeringa foreslår i Meld.St.28 (2019-2020)?
Begrunnelse
Etter eit møte i Dyrkolbotn onsdag 26.8 om vindkraftutbygging i regi av Turistforeninga, uttalar stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H)til Vestlandsrevyen at det ikkje er naturleg med vindmøller i denne regionen dersom stortingsmeldinga går gjennom i Stortinget. I media blir dette oppfatta som at protestane mot utbyggingsplanane blir tatt til følge. Det er fleire planar om vindturbinar i desse fjellområda, og NVE peika i Nasjonal ramme på dette område som eit av dei mest egna områda for vindkraft i Norge. Regjeringa har lagt bort Nasjonal ramme for vindkraft, men i Stortingsmeldinga står det at kunnskapsgrunnlaget blir ført vidare. Regjeringa føreslår ikkje kommunal veto mot vindkraftutbygging. Kommunane er sterkt i mot vindkraftplanane i området. Om regjeringa meiner at stortingsmeldinga må forstås slik at det ikkje er naturleg med vindkraftutbygging i desse fjella, er det eit viktig signal og standpunkt.