Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2472 (2019-2020)
Innlevert: 31.08.2020
Sendt: 01.09.2020
Besvart: 04.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Utbyggingen av Evenes flystasjon er ute av kontroll og åpenbart til fare Nautå naturreservat.
Vil klima- og miljøministeren foreta seg noe i denne saken, for å sikre at Forsvarsbygg sin utbygging på Evenes ikke gjør uopprettelig skade på det Ramsar-vernede våtmarksområdet?

Begrunnelse

Nautå naturreservat i Evenes er et internasjonalt vernet Ramsarområde, som omslutter Evenes flystasjon. Stortinget har vedtatt at denne skal bygges opp til militær flybase for de maritime patruljeflyene P-8 og QRA-base for F-35 kampflyene.
I juni valgte fylkesmannen i Nordland å anmelde Forsvarsbygg, grunnet grov overtredelse av naturmangfoldsloven § 75 andre ledd. Etter første anmeldelse uttalte fylkesmannens miljøvernavdeling at «dette som noe av det mest alvorlige de har sett noensinne», ifølge NRK.
Fylkesmannen har nå anmeldt Forsvarsbygg for andre gang på kort tid, for grove brudd på vernebestemmelsene i dette unike og sårbare området.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Stortinget har vedteke at ein del av dei nye F35 jagarflya skal vere stasjonert på Evenes lufthavn, samt at dei nye maritime overvakingsflya òg skal stasjonerast på Evenes. For å leggje til rette for denne aktiviteten har Forsvarsbygg utarbeidd ein statleg reguleringsplan for lufthamna. Denne reguleringsplanen har vore på ordinær høyring. Sidan dette er ein statleg reguleringsplan er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som vedtek den endelege planen. Det vil dei gjere i samråd med Forsvarsdepartementet, Samferdsels-departementet og Klima- og miljødepartementet. Denne planen vil leggje rammene for den vidare utbygginga av den militære delen av lufthamna. Det er godt kjend at det er område med store naturverdiar heilt inntil flyplassen, mellom anna fleire naturreservat som er viktige fugleområde. Naturreservata utgjer Evenes Ramsar-område. Det er fylkesmannen som har ansvar for å forvalte naturreservata og for å følgje opp eventuelle brot på verneforskriftene. Eg er kjend med at Fylkesmannen i Nordland har meld brot på verneforskriftene til politiet. Det vil ikkje vere riktig av meg å kommentere ei slik enkeltsak som er til behandling hos politiet. Eg vil elles vise til forsvarsministeren sitt svar på skriftleg spørsmål nr. 2429, som gir meir informasjon om kva tiltak Forsvarsdepartementet og Forsvarsbygg har gjort i saka.