Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2451 (2019-2020)
Innlevert: 01.09.2020
Sendt: 01.09.2020
Besvart: 08.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): To gårdsbruk i Hamarøy gir opp sauedrifta i høst pga. at det ikke tas ut rovvilt til tross for tap, selv i inngjerdet område ved gården. Gaupebestanden er for stor, til tross for at forvaltningsplanen sier at gaupe skal kunne tas ut, også i år hvor bestandsmålet ikke er nådd, for å unngå sterk rovdyrtrykk på beitedyr.
Vil statsråden sørge for at rovvilt ikke lengre er hovedmål slik som fylkesmannens hjemmeside fastslår, og justere retningen slik at beitenæringene har en sjanse til å overleve?

Begrunnelse

Det er i høst bare 8 bruk igjen i Hamarøy kommune. Gaupebestanden er for stor. I 2020 var det 11 registrerte familiegrupper i Nordland. Erfaringsbasert kunnskap viser at gaupebestanden vanskelig å registrere, så 11 gaupefamilier er et absolutt minimumstall av den reelle bestanden. Rovviltnemda i Nordland har tidligere varslet at gauperegistreringa i Nordland er alt for dårlig.
https://www.an.no/fortviler-over-store-tap-til-rovdyr-ser-morkt-pa-a-fortsette/s/5-4-1257788?fbclid=IwAR0J3x2UJvGlAQJ8OStsGS1V2EeoC8neqS1REnDD6eEMKBBL7KmbH_BmbF4&access=granted

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Rovviltforvaltninga i Noreg jobbar ut i frå ei todelt målsetting. Den skal leggje til rette for at vi har ei mengd rovvilt i landet i samsvar med Stortinget sine vedtekne bestandsmål, samt å bidra til at vi kan hauste av utmarksressursane gjennom å ha beitedyr i landet, nett slik Fylkesmannen i Nordland skriv på sine nettsider. Denne forvaltninga er kunnskapsbasert og den er basert på eit svært godt vitskapleg grunnlag.
Når det gjeld overvaking av bestandane, har vi mykje kunnskap basert på DNA-analyser av innsamla materiale som hår og møkk/urin, sporing av dyr og gode modellverktøy for analyser av bestandane. I fjor vinter oppmoda Fylkesmannen i Nordland folk om å registrere spor etter gaupe i snøen. Spor som av Statens naturoppsyn (SNO) vart bekrefta som sett av ei familiegruppe gav ei påskjøning på 3 000 kroner. Observasjonar av dyr eller spor kan folk melde inn til lokale rovviltkontakter eller via Skandobs, anten via nettet eller ein eigen app. Vi har eit av verdas beste system for å kartleggje og registrere rovvilt. Det er Rovdata, saman med lokale aktørar og SNO, som gjer at vi til ei kvar tid har best mogleg kunnskap om til dømes kor mykje gaupe det er i Nordland fylke og landet elles. Systema våre kan sjølvsagt bli betre og det er etablert eit Fagråd for det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt som skal hjelpe Rovdata i å utvikle best mogleg system for kartlegging og registrering.
Tal frå Rovdata før jakt i 2020 syner at gaupebestanden i Nordland for fyrste gong sidan 2008/2009 er så vidt over bestandsmålet på 10 årlege familiegrupper av gaupe. Gjennom dei siste 20 åra har talet på familiegrupper av gaupe i Nordland berre vore over bestandsmålet to gangar. Vanlegvis har bestanden av gaupe lege godt under bestandsmålet. Sidan gaupebestanden i Nordland har lege under bestandsmålet dei siste åra, gav Miljødirektoratet ikkje løyve til kvotejakt på gaupe i 2020. Dette var i samsvar med rådet frå rovviltnemnda i region 7 (Nordland). Grunngjevinga var at kvotejakt ikkje var foreinleg med å få til ei auke i bestanden opp mot bestandsmålet.
Når det oppstår skade på husdyr eller tamrein, kan fylkesmannen gje løyve til skadefelling, til dømes av gaupe. Ut frå det vi ser i Miljøvedtaksregisteret, har Fylkesmannen i Nordland gitt løyve til skadefelling av gaupe i Nordland i år, men det er ikkje registrert verken avslag på søknad om felling eller vedtak om skadefelling av gaupe i Hamarøy kommune i år.
Fylkesmannen og rovviltnemnda i region 7 disponerer middel som kan nyttast til førebyggjande og konfliktdempande tiltak knytt til rovvilt. Vidare har vi etablert gode erstatningssystem for dei gardbrukarane som har dokumenterte, påviselege og sannsynleggjorde tap av husdyr til rovvilt.