Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2489 (2019-2020)
Innlevert: 02.09.2020
Sendt: 02.09.2020
Besvart: 09.09.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Førere av buss og drosje må inneha kjøreseddel for persontransport mot vederlag. Kjøreseddel kan ikke utstedes etter fylte 75 år.
Mener statsråden dette er en fornuftig ordning, er det vurdert å gjøre endringer i regelverket slik at kjøreseddel kan utstedes også etter fylte 75 år, og hvordan er dette regelverket i Sverige, Danmark og Finland?

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Sjåførar i køyretøy i løyvepliktig persontransport må ha køyresetel, som vert utferda av politiet. Køyresetel gjeld i ti år, jf. yrkestransportlova § 37a. Etter fylte 60 år gjeld køyresetelen i 5 år, men ikkje lenger enn til innehavaren fyller 75 år. Etter fylte 70 år må gyldig lækjarattest som ikkje er eldre enn eit år takast med.
Bakgrunnen for krav til køyresetel er omsynet til brukarane av det offentleg tilgjengelege tilbodet av persontransport. Høg alder tilseier ikkje i seg sjølv at ein vert ein dårlegare sjåfør enn tidlegare. Men med høg alder aukar risikoen for alvorlege og akutte sjukdomstilfelle, som ein vanskeleg eller umogeleg kan forutseie gjennom ei vanleg lækjarundersøking. Dette gjeld og personar med normalt god helse, og som fyller krava til førarkort. Ulikskapen mellom førarkortbestemmelsane og køyresetelordninga skuldast at vurderinga av den generelle risikoen med omsyn til alder og sjukdomsrisiko fell noko anneleis ut i høve til det å vere yrkessjåfør med ansvaret busspassasjerar enn det gjer med omsyn til å køyre privatbil eller lastebil.
Ved ei lovendring iverksett 1. juli 2009 vart aldersgrensa for køyresetel heva fra 70 til 75 år. Ved lovendringa vart det lagt vekt på uttaler frå helsestyresmaktene, som m.a. viste til at helsetilstanden i befolkninga generelt hadde betra seg i høve til det som var tilfelle då den tidlegare aldersgrensa på 70 år vart fastsett i 1979.
Etter at Finland oppheva den øvre aldersgrensa på 70 år for bussførarar (2010) og taxiførarar (2014) er det no berre Noreg i Norden som gjennom køyresetelordninga fastset ei øvre aldersgrense for å kunne køyre buss/taxi.
Departementet har bede Vegdirektoratet om å vurdere den generelle aldersgrensa for køyresetel på ny, i samarbeid med Helsedirektoratet. Det er vanskeleg for meg å seie konkret når ei slik vurdering vil vere klar, grunna stort trykk på begge dei nemnde instansane som følgje av den spesielle situasjonen landet har vore i med Covid-19.